Generell patologi og immunologi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Faget omfattar læra om sjukdomsprosessane i si alminnelegheit, korleis dei manifesterer seg i organa, bygnaden, funksjonen og reaksjonsmekanismane til immunsystemet, korleis redusert immunforsvar gir nedsett infeksjonsforsvar og kan føre til tumorutvikling og autoimmunsjukdom, korleis immunologisk overreaksjon gir overømfintlegheit (allergi) samt korleis sjukdomar kan diagnostiserast ved hjelp av metodar som er vanlege i patologien. I immunologidelen blir det lagt vekt på basale prinsipp med eksempel frå sjukdomstilstandar og kliniske symptom som er relevante for tannlegar.

Læringsutbytte

Kunnskapar

Kandidaten skal kunne greie ut om:

  • dei grunnleggjande biologiske/immunologiske mekanismane som ligg til grunn for utvikling av sjukdom
  • immunapparatet si tyding for kroppen sitt infeksjonsforsvar og konsekvensar av immunsvikt og immunologisk overreaksjon
  • diagnostiske arbeidsmetodar innan patologi og immunologi og kunne applisere desse på aktuelle organ og vev i kroppen
  • dei grunnleggjande morfologiske trekka (makroskopiske og mikroskopiske) ved aktuelle sjukdomsprosessar

Ferdigheiter

Kandidaten skal kunne:

  • påvise patologiske endringar i eit organ
  • nytte mikroskop for immunologiske undersøkingar

Generell kompetanse

Kandidaten skal:

  • utvikle respekt for menneskekroppen
  • utvikle respekt for pasientane sine sjukdomar
  • forstå tydinga av teieplikt når det gjeld pasienten sin anamnese
  • sjå munnhola som ein del av heile kroppen
  • utvikle nysgjerrigheit for mekanismar som ligg til grunn for utvikling av sjukdom

Studiepoeng, omfang

7 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår, fjerde semester

Krav til forkunnskaper

Gjennomført og bestått tredje semester i Integrert masterprogram i odontologi

Studiepoengsreduksjon

OD2PATI 7 studiepoeng

Krav til studierett

Integrert masterprogram i odontologi

Arbeids- og undervisningsformer

  • Regelmessige forelesningar innan patologi og immunologi
  • I patologi vil det bli halde kurs i histopatologisk analyse av vevssnitt, i hovudsak ved bruk av digitale scannete snitt (virtuell mikroskopi) i tillegg til ordinær mikroskopering.
  • I patologi vil det bli halde demonstrasjonar frå obduksjonspreparat
  • Immunologikurs

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Patologi: Kurs i mikroskopering og obduksjonsdemonstrasjonar er obligatoriske

Immunologi: Immunologikurs er obligatorisk. Kursjournal her må være godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

Undervisninga blir avslutta med ein 4 timar lang skriftleg eksamen.

Eksamen inneheld to delar: ein patologi- og ein immunologidel. Begge delane må vere bestått for å bestå emnet.

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Vår, fjerde semester

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01. 12.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Programansvarlig

Programutvalg for odontologiske fag

Emneansvarlig

Professor Daniela Elena Costea, Klinisk Institutt 1

Administrativt ansvarlig

Klinisk institutt 1