Farmakologi
Masteremne
- Studiepoeng
- 3
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- OD3FARMA
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Farmakologi er eit studium av interaksjonar mellom medikament og den levande organismen.
Kurset skal gi kunnskap i generell og spesiell farmakologi.
I odontologisk farmakologi blir det undervist i følgjande tematiske område:
- generell farmakologi
- lokalanestetika
- analgetika
- antimikrobielle middel
- psykofarmaka
- anestetika/anxiolytika/sedativa
- legemiddel ved hjarte- og karsjukdomar
- legemiddel som verkar på blodet
- hormonpreparat
- orale biverknader frå medikament
- interaksjonar
- reseptlære
- RELIS
- bruk av Felleskatalogen
Læringsutbyte
Kunnskap
Kandidatens skal kunne gjere greie for:
- generelle prinsipp for kva verknad legemiddel har på kroppen (farmakodynamikk), samt dei viktigaste prinsipp for korleis legemiddel har effekt på målprotein i kroppen.
- generelle prinsipp for opptak, fordeling og omsetnad av legemiddel i kroppen, samt utskilling av legemiddel frå kroppen (farmakokinetikk).
- dei ulike legemiddelgruppene
- dei viktigaste legemidla innanfor odontologisk verksemd.
- dei vanlegaste orale biverknadene av legemiddel.
- hovedprinsippa for farmakologisk terapi av orale sjukdommer og symptom.
Ferdigheiter
Kandidaten skal kunne gjere greie for:
- dei vanlegaste orale biverknader av legemidel.
- hovedprinsippa for farmakologisk terapi av orale sjukdommer og symptomar.
- dei vanlegaste orale biverknadene av legemidel.
- hovedprinsippa for farmakologisk terapi av orale sjukdommer og symptomar.
Generell kompetanse
Kandidaten skal:
- ha eit kunnskapsgrunnlag for vidare læring i farmakologi.
- kunne kommunisere med pasientar og helsepersonell om legemiddelbruk, samt verknader og biverknader av legemiddel.
- kunne vurdere legemiddelinformasjon og faglitteratur kritisk.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesninger 21 timer (a 45 minutter)
Undervisninga omfattar ei fagspesifikk forelesingsrekkje i farmakologi, samt forelesingar integrert i anna undervisning. Undervisning blir også gitt i KOS-blokka.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Gruppearbeidet er obligatorisk.
All undervising er obligatorisk, bortsett frå førelesingar.
Studenten er ansvarleg for å melde om fråvær, og ugrunna fråvær er ikkje tillate.
I tillegg til krav om deltaking, må dei faglege krava vere oppfyllde, både når det gjeld kvalitet på arbeidet og tilstrekkeleg mengdetrening.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Programansvarleg
Emneansvarleg
Førsteamanuensis Olayiwola Adekoya.
olayiwola.adekoya@uib.no