Diagnostikk, behandlingsplanlegging

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Etter fullført emne skal studentane ha allmenn, tverrfagleg kunnskap om diagnostikk og planlegging av behandling for dei vanlegaste orale problemstillinga hos vaksne pasientar, med fokus på ei god oral helse.

Innhald:

I emnet skal det undervisast tverrfagleg i kjeve- ansiktsradiologi, kariologi,oral kirurgi og oral medisin, endodonti, protetikk, periodonti og samfunnsodontologi. Kurset er både teoretisk og klinisk.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Studenten:

  • vurderer når og kvifor ulike diagnostiske prosedyrar skal nyttas for å undersøkje dei vanlegaste orale problemstillingane.
  • analyserer kliniske og radiografiske funn ved dei vanlegaste, orale problemstillingane.
  • vel mogeleg og alternativ handsaming for dei vanlegaste orale problemstillingane.
  • veit indikasjonar og alternativ til behandling ved tvilsam og mislukka tidlegare odontologisk behandling.
  • kjenner til lækjemiddel i høve til risiko, kontraindikasjonar og biverknader i høve til eit odontologisk behov for behandling.

Ferdigheiter:

Studenten:

  • tilpassar informasjonen i sin kommunikasjon med pasienten slik at pasienten forstår, og dermed blir motivert til, ei tannhelsevennleg åtferd og livsstil med fokus på førebygging av sjukdom, og eit friskt tannsett.
  • tar opp anamnese, gjennomfører ei multidisiplinær vurdering og utfører relevante diagnostiske undersøkingar.
  • foreslår diagnosar/differensialdiagnosar og gjer greie for planlegging av behandling med omsyn til pasienten sitt behov.
  • gjennomfører førebyggjande og akutt behandling som følgje av infeksiøse tilstandar og funksjonelle/ estetiske behov.
  • utfører ei risikovurdering og prognosevurdering av pasienten sin noverande status og behandlingar.

Generell kompetanse:

Studenten:

  • respekterer lovar, forskrifter og kliniske arbeidsrutinar.
  • demonstrerer evne til å diagnostisere og planleggje behandling for dei vanlegaste orale problema.
  • demonstrerer evne til å møte pasienten og til å kommunisere med pasientar og kolleger.
  • verdset eige fagleg avgrensing og viser pasienten vidare til lege/ sjukehus ved behov.

Studiepoeng, omfang

5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Før oppstart av kliniske aktivitetar i OD4DIAGNOS må samsvarande fagspesifikke kurs vere bestått (OD3RØNT, OD3KAR, OD3PERIO, OD3ENDO OG OD3PROT).
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Integrert masterprogram i odontologi
Arbeids- og undervisningsformer
  • Førelesingar (fysiske og digitale)
  • Klinisk teneste ( kliniske kurs, seminar, kasuspresentasjonar)
  • Obligatorisk undervisningsaktivitet
    • Kliniske tjenester inklusiv kliniske kurs, seminar og kasuspresentasjonar
    • Tverrfaglege førelesingar.

    Studenten er ansvarleg for å melde om fråvær, og ugrunna fråvær er ikkje tillate.

    I tillegg til krav om deltaking, må dei faglege krava vere oppfyllde, både når det gjeld kvalitet på arbeidet og tilstrekkeleg mengdetrening.

    I dette emnet er obligatoriske aktivitetar gyldige i to semestre.

    Vurderingsformer
  • Munnleg eksamen: kasuspresentasjon (7. semester)
  • Karakterskala
    Bestått/ ikkje bestått
    Vurderingssemester
    Haust
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for emne i haustsemesteret.
    Emneevaluering
    Emnet blir evaluert kvart tredje år i samsvar med UiB sitt system for kvalitet i utdanning.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen
    Programansvarleg
    Programutval for odontologiske fag
    Emneansvarleg
    Professor Xieqi Shi
    Administrativt ansvarleg
    Institutt for klinisk odontologi