Læraren i klasserommet
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- PEDA121
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som overordna mål å gje studentane innsikt i læraren si verksemd i klasserommet.
Studentane vil få ei innføring i allmenndidaktiske perspektiv på undervisning, med vekt på å gjere synleg ulike omsyn læraren må vurdere og balansere opp mot kvarandre. Vidare vil emnet gje eit oversyn over sentrale perspektiv på klasseleiing og teoretisk forståing for ulike vurderingspraksisar.
I emnet vil studentane verte presenterte for teoriar om læring og teoriar om motivasjon, og få reflektere over korleis teoriane tilbyr forskjellige ståstader for korleis ein forstår god undervisning og kva som skaper eit godt læringsmiljø i klasserommet.
Studentane får øving i å bruke intervju som metode for å få innsikt i elevar og lærarar sine erfaringar med undervisning og læring.
Gjennom deltaking i emnet vil studentane få øve opp dygder som leiarskap, kreativitet og organisatoriske evne.
Emnet er knytt til kortpraksisemnet KOPRA102, og det er forventa at studentane tek dette emnet parallelt med PEDA121.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskapar:
Studenten
- har brei kunnskap om allmenndidaktiske perspektiv på undervisning
- kjenner til sentrale perspektiv på klasseleiing
- har innsikt i føremål med vurdering og ulike vurderingspraksisar i undervisning
- har oversikt over sentrale teoriar om læring og teoriar om motivasjon, og deira tyding for undervisning og læringsmiljø
Ferdigheiter:
Studenten
- kan på ein sjølvstendig og reflektert måte drøfte praktiske undervisningssituasjonar i ljos av allmenndidaktiske perspektiv og sentrale teoriar om klasseleiing og vurdering
- kan gjere bruk av teoriar om læring og teoriar om motivasjon til å diskutere undervisning og læringsmiljø
- kan nytte intervju som verktøy for å få innsikt i lærarar og elevar sine erfaringar
Generell kompetanse:
Studenten
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert organisert i førelesingar og seminar i mindre grupper. Det vert forventa at studentane førebur seg ved å lese avtalte tekstar i forkant av seminara.
Studentane skal i løpet av semesteret skrive ei semesteroppgåve. Kvar student har tilbod om 1 time individuell rettleiing på eit utkast til oppgåva. I tillegg skal studentane gje tilbakemelding på semesteroppgåveutkasta til kvarandre.
Førelesingar: 5 x 2 timar
Seminar: 5 x 2 timar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Semesteroppgåve på 3000 ord (+/- 10%)
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Programansvarleg
Det matematisk-naturvitskapelege fakultet
Det humanistiske fakultet
Det samfunnsvitenskapelege fakultet