Utvalde emne i ikkelineær akustikk
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- PHYS372
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk, norsk om kun norskspråklige studentar deltek
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet omhandlar spesielle emne innanfor ikkje-lineær akustikk. Dette inkluderer teoretisk grunnlag (eindimensjonal modell (Burgers likning), parabolsk approksimasjon (KZK-likninga) og 3-dimensjonal modell (Westervelts approksimasjon)), og bruksområde for ikkje-lineære metodar og teknologi innanfor undervannsakustikk og medisinsk ultralyd, så som eksempelvis harmonisk avbilding, ikkje-lineær demping, sjokkbølgjer, kavitasjon og parametriske antenner.
Læringsutbyte
Forståing av grunnleggande ikkje-lineære metodar og problemstillingar som er aktuelle i praktiske anvendelsar av akustikk. Ved fullført emne PHYS372 skal studenten kunne
- forklare sentrale omgrep, lover og forklaringsmodellar innan ikkje-lineær akustikk,
- gjere greie for grunnleggjande fysiske prinsipp bak generering og forplantning av ikkje-lineære akustiske bølgjer,
- bruke grunnleggjande lover og samanhengar til å løyse relativt enkle problem innan ikkje-lineær akustikk.
Emnet blir brukt som spesialpensum eller i fagkombinasjon til mastergraden og PhD-graden, og blir tilpassa innhaldsmessig i kvart tilfelle.