Metode II - Kvantitativ og kvalitativ metode som grunnlag for psykologisk kunnskap
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- PROPSYMET
- Talet på semester
- 1
- Language
- Norsk og engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Tema 1: Kvalitativ metode og djubdeintervju
Kurset gir ein introduksjon til det kunnskapsteoretiske grunnlaget for kvalitativ forskingsmetode. Det tek særleg utgangspunkt i eit hermeneutisk-fenomenologisk perspektiv, men vil også gi oversikt over andre sentrale tilnærmingar. Kurset gir vidare praktisk øving i gjennomføring av kvalitative forskingsintervju. Denne innføringsøvinga bygger på eit klinisk perspektiv og kan kun erstattast av kurs som tek utgangspunkt i tilsvarande rammeverk. Kurset gir også ei oversikt over ulike måtar å evaluere kvalitativ forsking på, og korleis kunnskap frå slike studiar kan anvendast i psykologisk praksis.
Tema 2: Kvantitativ metode
Kurset gir ei innføring i grunnleggande metodar for beskriving, behandling og oppsummering av kvantitativt datamateriale. Det blir gitt opplæring i vanlege former for organisering av kvantitative data, ulike former for beskriving og oppsummering av slike data, samt sentrale prinsipp for å gjere statistiske slutningar. Gjennom praktiske øvingar vil studentane få trening i bearbeiding og oppsummering av kvantitativ informasjon. Vidare vil kurset gi ei innføring i korleis ein kan evaluere og anvende kunnskap frå kvantitativ forskning i psykologisk praksis.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse
Kunnskapar
Studenten kan:
- gjere greie for ulike kvalitative og kvantitative forskingsmetodar innanfor psykologi
- gjere greie for sentrale trekk ved det kunnskapsteoretiske grunnlaget for kvalitative og kvantitative forskingsmetodar
- gjere greie for kvalitetskriterium i forsking, inkludert prinsipp for openheit i vitskapleg arbeid
- kritisk analysere relevant forsking og meistre psykologfaglege uttrykksformer
- sjølvstendig grunngi val og bruk av relevante metodiske verktøy og utføre ulike kvantitative og kvalitative analysar
- forklare og drøfte etiske spørsmål og personvernomsyn som er knytte til gjennomføring av kvalitativ og kvantitativ forsking
- gjere greie for hermeneutisk-fenomenologisk forskingsmetode, mogelegheiter og avgrensingar ved djubdeintervju, samt drøfte sentrale kvalitetskriterium for kvalitativ forsking
- gjere greie for betydinga av refleksivitet i innsamling og analyse av kvalitativt datamateriale med særleg vekt på forholdet mellom intervjuperson og intervjuar
- beskrive og differensiere hovudtilnærmingar til kvantitativ dataanalyse
- identifisere situasjonar der det er relevant å bruke ulike former for kvantitativ dataanalyse
- kjenne til prinsipp for organisering av kvantitativt datamateriale
- kjenne til grunnleggande statistiske omgrep som sentraltendens, spreiing (spredning) og samanheng
- Kjenne til prinsipp for statistiske slutningar
Ferdigheiter
Studenten kan:
- utforme forskingsspørsmål som er eigna for kvalitativ eller kvantitativ forsking
- vurdere kvalitet på kvalitative og kvantitative undersøkingar
- utforme ein intervjuguide, gjennomføre eit kvalitativt forskingsintervju, samt kode og analysere transkribert intervjumateriale
- rapportere metodisk framgangsmåte, presentere kvalitative forskingsfunn og drøfte funna refleksivt innanfor format av skriftlege forskingsarbeid
- skape kontakt og innhente informasjon om andres erfaringar gjennom intervju
- legge til rette og organisere kvantitative data ved hjelp av standard programvare
- framstille enkel univariat og bivariat statistikk ved hjelp av standard programvare
- tolke resultat frå statistiske analysar av bivariate samanhengar og forskjellar mellom grupper
- kommunisere resultat frå statistiske analysar i samsvar med vitskaplege standardar
Generell kompetanse
Studenten kan:
- stille seg kritisk og reflektert til mogelegheiter og avgrensingar ved kvalitativ og kvantitativ forsking
- reflektere over intervjusituasjonens etiske og mellommenneskelege dynamikk
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Tema 1: Kvalitativ metode og dybdeintervju
- Gjennomført intervjuøving og evalueringsøving (godkjenning av lærar)
- Skriftleg innlevering (godkjenning av lærar)
Tema 2: Kvantitativ metode
- Deltaking i øvingar (godkjenning av lærar)
- Fullførte oppgåver knytte til forelesingstema (godkjenning av lærar)
- Kursprøve på kvantitative data-analysar på relevant kunnskapsområde (godkjenning av lærar)
Obligatoriske arbeidskrav blir vurdert som Godkjent / Ikkje godkjent.