Innføring i metode
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- PSYK113
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gje studenten ei generell kompetanse i å forstå grunntrekk ved vitskapelig forskingsmetode, inklusiv forståing for skilnaden mellom kvantitative og kvalitative metodar.
Emnet skal også gje ei innføring i ei vitskapsteoretisk tilnærming til psykologifaget.
Emnet skal formidle forståing for psykologiske forskingsmetodar. Studentane skal ha grunnleggande kunnskapar om psykologiske omgrep og operasjonalisering av desse, variabelomgrepet og målingsproblematikk. Dei skal også ha grunnkunnskapar om eksperimentelle design og ymse ikkje-eksperimentelle metodar som blant anna kasusstudiar og surveymetodar.
Innhald:
Emnet Innføring i metode skal gje studentane ferdigheiter i å forklare kva eit vitskapeleg paradigme er, gje ein oversikt over forskingsetiske dilemma og greie ut om hovudskilnadene mellom eksperimentelle og ikkje-eksperimentelle design. Studentane skal også få kunnskapar om forhold som operasjonalisering, reliabilitet, og validitet. De vil også få kunnskapar om ulike typar ikkje-eksperimentelle og eksperimentelle design.
Det blir gitt ei grunnleggjande innføring i psykologiens kjenneteikn som vitskapleg disiplin samt vitskapsfilosofiske problemstillingar knytta til psykologien. Dette inkluderer presentasjonen av demarkasjonsproblemet samt ei innføring i kjenneteikn, fordeler og ulemper ved ulike metodar som nyttas i psykologisk forsking som kasusstudiar, testar og eksperimenter.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten ..
- skal ha kunne gjerne greie for kva som meinast med litteratursøk, hypotese/problemstilling, operasjonalisering, variabelomgrepet, måling, reliabilitet og validitet
- skal kunne gjere greie for ikkje-eksperimentelle metodar som observasjon, kasusstudiar, arkivstudiar, surveymetode (inklusiv forholdet mellom utval og populasjon), feltmetodikk og intervju) og kva som kjenneteknar den eksperimentelle metode, herundar korrelasjonsomgrepet og årsaksomgrepet.
- skal kunne gjerne rede for grunnleggande trekk ved den vitskaplege metoden (litteratur, demarkasjonsproblemet, falsifikasjonsprinsippet, operasjonalisme, essensialisme, generaliseringsproblemet, og grenseoppgangen til pseudovitenskap)
Ferdigheiter:
Studenten ..
- kan forklare kva eit vitskapeleg paradigme er.
- kan gje ein oversikt over etiske dilemma ved forsking.
- kan diskutere rollen til sannsynlegheit i psykologisk forsking.
- kan gje døme på kvalitative forskingsmetodar og deira kjennetek
Generell kompetanse
Studenten ..
- kan selvstendig og utan hjelpemidlar gjere greie for sentrale tema, problemstillingar, kunnskap og metoder innan vitskapsteori og forskningsmetode
- kan kritisk evaluere kvaliteten til forskningsprosjekt og påstander om samanhengar og kausalitet
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Fagleg overlapp
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar i metode 9 x 2 timar, totalt 16 timar.
Seminar.