Klinisk nevropsykologi
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- PRPSYK306
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Kunnskapar:
Ved fullført emne kan kandidaten:
- gjere greie for hjerne- og åtferdsrelasjonar
- meistre administrasjon av Wechsler sine intelligenstestar
- beskrive kva som kjenneteiknar ei nevropsykologisk undersøking, og styrkane og veikskapane ved den
- gjere greie for korleis ulike nevrologiske og psykiske tilstandar påverkar nevropsykologisk funksjon i et livsløpsperspektiv
- gjere greie for metodar som blir brukte ved rehabilitering av menneske med nevropsykologiske funksjonsutfall
- gjere greie for kva det har å seie med tilbakemelding av resultat til pasienten sjølv, til hans eller hennar pårørande som har ansvar for det vidare tilbodet til pasienten
- beskrive bruken og effekten av ulike typar medikament som blir brukte ved nevrologiske og psykiske lidingar
- gjere greie for betydninga av etnisk og kulturell bakgrunn i eit nevropsykologisk perspektiv
- gjere greie for bruk av tolk i nevropsykologiske undersøkingar
Ferdigheiter:
Ved fullført emne kan kandidaten demonstrera ferdigheiter i å:
- administrere og skåre en generell evneprøve/intelligenstest (Wechsler test)
- samle inn bakgrunnsinformasjon (anamnestisk informasjon) før ei nevropsykologisk undersøking
- finne fram til relevant litteratur og metodar for ei aktuell problemstilling
- integrere testresultat med anamnestisk informasjon og resultat generert frå andre undersøkingsmetodar
- vurdere eigna tiltak for å hjelpe pasientar som har gjennomført ei nevropsykologisk undersøking
- presentere nevropsykologiske resultat og tolkingar av funn ved ei nevropsykologisk undersøking
- vurdere om og korleis personars etniske eller kulturelle bakgrunn krev tilpassingar (for eksempel tolk) av undersøkingar, behandling og rehabilitering
Generell kompetanse:
Ved fullført emne kan kandidaten:
- reflektera over sin rolle som psykolog i møte med pasientar
- reflektera over eigne avgrensingar i kunnskap og erfaring
- vise ansvar for å skaffe seg kunnskap om sjukdomar, tilstandar og annet som er relevant for ei gitt pasientundersøking
- identifisera når det er behov for hjelp frå kollegaer eller andre instansar
- kombinere kunnskap av kvantitativ (f.eks. testresultat) og kvalitativ (f.eks. observasjon og anamnestisk) art i vurderingane sine
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
I løpet av ein to-vekers periode blir det gjennomført ei førelesingsrekkje med vekt på nevropsykologiske problemstillingar i møte med barn og vaksne som har nevrologisk sjukdom og/eller nevropsykiatrisk liding. Kurset omfattar førelesingar og kasusbeskrivingar og dekkjer eit breitt spektrum av tema. Studentane blir oppfordra til diskusjon og gruppeaktivitet. Teoretisk kunnskap om testar og kunnskap om tolkingsreglar vil blir gitt gjennom førelesingar og diskusjon med faglærar og medstudentar. Faglærar tilrår litteratur til bruk når studenten skal ha ansvar for testing av intellektuell funksjon som del av sin PPT-praksis neste semester.
Kvar student vil delta i ein to-vekers rettleidd praksisperiode ved vår nevropsykologiske poliklinikk. Her vil studentane vere del av smågrupper som har ansvar for utgreiing av fire eller fem pasientar. Studenten får hovudansvar for anamneseopptak/-notat, observasjon av testing, oppfølging og presentasjon av kasus på STAFF, der medstudentar, faglærarar og andre interesserte er til stades.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
I løpet av ein to-vekers periode blir det gjennomført ei førelesingsrekkje med vekt på nevropsykologiske problemstillingar i møte med barn og vaksne som har nevrologisk sjukdom og/eller nevropsykiatrisk liding. Kurset omfattar førelesingar og kasusbeskrivingar og dekkjer eit breitt spektrum av tema. Studentane blir oppfordra til diskusjon og gruppeaktivitet. Teoretisk kunnskap om testar og kunnskap om tolkingsreglar vil blir gitt gjennom førelesingar og diskusjon med faglærar og medstudentar. Faglærar tilrår litteratur til bruk når studenten skal ha ansvar for testing av intellektuell funksjon som del av sin PPT-praksis neste semester.
Kvar student vil delta i ein to-vekers rettleidd praksisperiode ved vår nevropsykologiske poliklinikk. Her vil studentane vere del av smågrupper som har ansvar for utgreiing av fire eller fem pasientar. Studenten får hovudansvar for anamneseopptak/notat, observasjon av testing, oppfølging og presentasjon av kasus på STAFF, der medstudentar, faglærarar og andre interesserte er til stades.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk undervisingsaktivitet:
- Skrive refleksjonsnotat og anamnese,
- Lage fordypningsforelsning i smågruppe
- Deltagelse i praktikum og staff
- Deltagelse på WISC/WAIS kurs
- Obligatorisk oppmøte på alle delar av undervisninga, der fråværet blir berekna samlet for PRPSYK306 (del 1, del 2 og del 3).
I praksisperioden ved vår nevropsykologiske poliklinikk skal studenten:
- ta del i og presentere i pasientsak på staff
- ta aktiv del munnleg i praktikum
Vurderingsmåten for dei obligatoriske arbeidskrava er Godkjent / Ikkje godkjent.