Sosialpsykologi
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- PRPSYK309
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk / Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet med dette emnet er å gi studentane innsikt i psykologifaget si forståing av mennesket i eit sosialpsykologisk perspektiv. Undervisninga har som mål å gjere studentane i stand til å beskrive og analysere menneskeleg åtferd med utgangspunkt i sosialpsykologisk teori. Vi vil gå gjennom følgande breie felt: grupper og gruppeprosessar, sosial persepsjon, og sosialpsykologiske perspektiver på kjønn og seksuell orientering. I tillegg vil vi legge vekt på grunnspørsmål i sosialpsykologi og vitskapsteoretiske perspektiv. Målet med undervisninga er å gjere studentane kjende med den sosiale og samfunnsmessige konteksten for menneskeleg åtferd, mellom anna med utgangspunkt i situasjonen for ulike utsette grupper. Emnet bygger på innføringsemna i psykologi (første året) og skal gi studentane djupare innsikt i sosialpsykologi som gjer at dei som psykologar vert kompetente til å forstå og gjere bruk av kunnskap om individet sitt samspel med andre i ulike situasjonar og kontekstar.
Tema 1: Teoretiske perspektiv (6 sp)
Tema 1 dekker fire sentrale område i sosialpsykologien: Grunnlagsspørsmål, grupper og gruppeprosessar, sosial persepsjon, og sosialpsykologiske perspektiv på kjønn og seksuell orientering.
Grunnlagsspørsmål: Dette undertemaet tar opp viktige paradigme og overordna perspektiv i sosialpsykologi, og dette dannar eit bakteppe for resten av emnet.
Grupper og gruppeprosessar: Dette undertemaet handlar om teoretiske perspektiv på grupper og gruppeprosessar, og kva grupper har å seie for identiteten til det einskilde individ.
Sosial persepsjon: Her vil vi gå grundig inn på fenomen som stereotypiar, fordommar og diskriminering: årsaker, kjenneteikn, konsekvensar og moglege tiltak for å endre desse.
Sosialpsykologiske perspektiv på kjønn og seksuell orientering: Dette undertemaet har hovudfokus på kjønn, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og seksuell orientering, men adresserer også inkludering, likestilling og ikkje-diskriminering meir overordna.
Tema 2: Emneoppgåve (6 sp)
Emneoppgåva skal vere innanfor sosialpsykologi. Studentane skal gjennom arbeidet med emneoppgåva utvikle sjølvstende og fagleg vurderingsevne, og dei vil bli invitert til fagleg nytenking. Studentane skriv oppgåva individuelt. Studentane skal sjølve under rettleiing utvikle problemstillinga med grunngjeving og arbeidsplan, og faglærar skal godkjenne desse. Dei får individuell rettleiing i utvikling av problemstilling og arbeidsplan, og dei får felles rettleiing gjennom skriveseminar som vil dekke både studentane sine konkrete tekstdøme, struktur og logikk i emneoppgåver, samt arbeidsprosessar og arbeidsmåtar. Studentane skal skrive emneoppgåva etter format-reglane i APA-manualen og elles etter nærare instruks om talet på ord, m.m. Det samla arbeidet med emneoppgåva svarar til ca. 120 timar.
Emneoppgåva er normalt teoretisk. Vi kan vurdere unntak for empiri som studentane sjølve etablerer i løpet av semesteret, men dette fordrar eiga godkjenning. Emneoppgåva får karakter A - F.
Eit alternativ til emneoppgåve er å arbeide som forskingsassistent knytt til pågåande sosialpsykologisk forsking ved instituttet. Frå dette arbeidet må studentane skrive ein rapport på maksimalt 2 000 ord. Talet på arbeidstimar svarar til det same som å skrive emneoppgåve (ca. 120 timer inklusive å skrive rapport). Forskingsleiaren godkjenner arbeidet som forskingsassistent, og rapporten får karakter A - F.
Tema 3: Regresjonsanalysar (2 sp)
Dette temaet handlar om sentrale metodiske tilnærmingar til sosialpsykologiske fenomen, med vekt på ikkje-eksperimentelle design. Temaet gir ein introduksjon til multivariate analysar av data, med hovudvekt på regresjonsanalysar. Studentane skal få øving i å analysere sosialpsykologiske data, til dømes testing av teoretiske modellar.
Tema 4: Konfliktar og leiing (1 sp)
Tema 4 tek sikte på å gi studentane god forståing av dynamikken i sosiale konfliktar (opphav, forløp og konsekvensar av ulike handteringar).
Læringsutbyte
Kunnskapar
Kandidaten:
- har avansert teoretisk, empirisk og anvend kunnskap i sosialpsykologi
- kan gjere greie for sentrale vitskapsteoretiske perspektiv med relevans for sosialpsykologi
- kan analysere og stille seg kritisk til teoriar, metodar og forskingsresultat i sosialpsykologi
- har sosialpsykologisk kunnskap om inkludering, likestilling og ikkje-diskriminering, uavhengig av kjønn, etnisitet, religion og livssyn, funksjonsnedsetting, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder, slik at kandidaten bidrar til å sikre likeverdige tenester for alle grupper i samfunnet
- har avansert kunnskap om sentrale omgrep, modellar og teori om sosiale konfliktar i arbeidslivet
- har avansert kunnskap om skilnader i konflikthandtering i rolla som psykolog og rolla som leiar
Ferdigheiter
Kandidaten:
- kan gjennomføre eit sjølvstendig skriftleg arbeid som demonstrerer avansert kunnskap i sosialpsykologi og spesialisert innsikt i eit avgrensa område
- kan kommunisere nyansert om kjønn, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og seksuell orientering og anvende kunnskapen om dette i yrkesutøvinga si
- meistrar APA-stilen som rapporteringsform
- kan analysere og nytte kunnskap frå sosialpsykologi til å skilje mellom ulike arenaer og roller i samband med konflikthandtering
- kan sjølvstendig grunngi, utføre og tolke kvantitative analysar av sosialpsykologiske fenomen, med vekt på multippel lineær regresjonsanalyse
Generell kompetanse
Kandidaten:
- kan analysere og stille seg kritisk til samtida sine sosialpsykologiske teoriar, diskursar og praksis, og plassere desse i ein historisk og vitskapsteoretisk kontekst
- kan analysere og stille seg kritisk til faglege kjelder og nytte desse til å strukturere og formulere faglege resonnement i sosialpsykologi
- kan nytte kunnskap frå sosialpsykologi i fagleg nytenking
- kan analysere og anvende kunnskap frå sosialpsykologi på nye område og konkrete situasjonar i psykologisk forsking og praksis
- kan kommunisere om, og formidle, sosialpsykologiske problemstillingar, analysar og konklusjonar både til andre faggrupper, spesialistar og allmenta
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Tema 1: Teoretiske perspektiv
- Gjennomføre kursprøve i teoretiske perspektiv i tema 1, kursprøva er på 3 timar (vert godkjent av lærar).
Tema 2: Emneoppgåve
- Levere problemstilling og arbeidsplan (vert godkjend av lærar)
Tema 3: Regresjonsanalysar
- Ta del i ei øving og levere resultat frå dataanalysar i grupper (vert godkjend av lærar).
- Gjennomføre kursprøve i regresjonsanalysar, 3 timar (vert godkjend av lærar).
Tema 4: Konfliktar og leiing
- Ta del i undervisninga (vert godkjend av lærar).
- Levere eit refleksjonsnotat (vert godkjend av lærar).