Sosial- og personlegdomspsykologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- PSYK112
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk/Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gje studenten ei generell kompetanse i form av forståing for psykologifaget sitt sosiale fundament og kjennskap til sentrale teoriar om personlegdom.
Emnet PSYK112 skal formidle forståing for korleis trekk, biologi og intrapsykiske faktorar kan forklare personlegdom. Emnet skal vidareformidle forståing for sosial tenking og påverknad, samanhengen mellom haldningar og åtferd, fenomen som konformitet og overtaling, konflikt og samarbeid, fordommar og diskriminering, venskap og kjærleik, prososial atferd og aggresjon, samt formidle basalkunnskap om grupper.
Innhald:
Studiet tar opp sentrale teoriar, studiar og forskingsmetodar i personlegdomspsykologi og korleis personlegdom kan målast, samt sentrale teoriar om og studiar på sosial tenking, sosial påverknad og sosiale relasjonar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten
- kan greie ut om trekkteoretiske bidrag til personlegdomspsykologien (trekk og taxonomiar, tema relatert til teori og måling av trekk, samt korleis trekk kan vere stabile og endrast)
- kan gjere greie for det biologiske bidrag til personlegdomspsykologien (genetikk, fysiologi, evolusjon)
- kan diskutere det intrapsykiske bidraget til personlegdomspsykologien (psykoanalyse, nyare psykoanalyse, motivasjon)
- Har kunnskap om fenomen som sosial påverknad, sosial konstruksjon og attribusjon, samt forholdet mellom holdningar og åtferd
- Kan greie ut om sentrale sosiale fenomen som konflikt og samarbeid, fordommar og diskriminering, konformitet og overtalelse, aggresjon, venskap og kjærleik, samt prososial åtferd
- Har kunnskap om sentrale aspekt ved sosialt liv i grupper og mellom grupper, grupper sin funksjon, struktur og prosess
Ferdigheiter:
Studenten
- Kjenner til dei mest sentrale forskingsmetodane i personlegdomspsykologi
- Veit korleis personlegdom kan målast
- Kan gjere greie historiske, kulturelle og samfunnsmessige perspektiv på sosialpsykologien si utvikling
- Kan definere sentrale omgrep og teoretiske perspektiv på normer og roller, haldningar og verdiar
- Kan gjere greie for ulike perspektiv på sjølvet og identitet, samt gruppa som sosial eining
- Forstår grunntrekk ved sosial samhandling i ulike relasjonar, på ulike arenaer og i ulike kulturelle samanhengar
Generell kompetanse:
Studenten
- Kan definere personlegdom og gjere greie for dei ulike hovudperspektiva på personlegdom
- Gje ei oversikt over dei sentrale temaområdane innan sosialpsykologien
- Studenten skal sjølvstendig, og uten hjelpemiddel, gjere greie for sentrale problemstillingar, kunnskapar og metoder innan fagfeltet sosial- og personlegdomspsykologi.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Fagleg overlapp
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar i sosialpsykologi 6 x 2 timar, totalt 12 timar.
Førelesingar i personlegdomspsykologi 6 x 2 timar, totalt 12 timar.
Seminarundervisning i grupper 2 timar per veke i 6 veker, totalt 12 timar.