Kristendommen, jødedommen og islam

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål og innhald:

Emnet har som mål at studenten gjennom studiet skal tileigna seg eit oversyn over historia til, og gode kunnskapar om kristendommen, jødedommen og islam. RELV102 er eitt obligatorisk emne i spesialiseringa i religionsvitskap, og i årsstudium religionsvitskap. Emnet kan inngå som ei sjølvstendig eining i ein bachelorgrad.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har gode kunnskapar om kristendommen, jødedommen og islam.

Ferdigheiter:

Studenten

  • har evne til å analysera fagstoff og trekka eigne slutningar.
  • har evne til å skriva ein resonnerande tekst.
  • har evne til å utføra samanliknande analyser av tema innafor dei tre religionane.

Generell kompetanse:

Studenten

  • har generell innsikt i religionsvitskapeleg vokabular.
  • har erfaring med å arbeide både sjølvstendig og i gruppe.

har erfaring med å formidla informasjon, teoriar, idear, problemstillingar og løysingar om emnet både skriftleg og munnleg.

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ein del av pensumlitteraturen er på engelsk. I tillegg til generell studiekompetanse bør derfor studenten ha gode engelskkunnskapar.
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp vil RELV102 bli redusert med 15 studiepoeng i kombinasjon med RELV209.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Normalt 20-25 forelesingar (à to timar).

Dersom ressursane tillet det, vert det organisert arbeidsseminar med oppgåveskriving, leia av undervisningsassistentar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer

Skriftleg skuleeksamen (inntil 3000 ord) på 6 timar i slutten av semesteret.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på norsk og engelsk.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester

Haust.

Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske undervisningsaktivitetar.

Litteraturliste

Pensum vert utarbeidd av instituttet og er på mellom 1000 og 1200 sider. Undervisning og eksamen baserer seg på denne litteraturen.

Litteraturlista vil vere tilgjengeleg på uib.no 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret for religionsvitskap
Emneansvarleg
Programstyret for religionsvitskap
Administrativt ansvarleg
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR)