Samfunnskunnskapsdidaktikk 1
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- SAKDI100-P
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet skal gi innsikt i dei grunnleggande spørsmåla i fagdidaktikken. Det skal gi innsikt i korleis læraren kan planleggja og presentera innhaldet i faget slik at elevar med ulike føresetnader og behov kan tileigna seg faget sitt kunnskapstilfang innanfor dei rammene som skulen er underlagt.
Skulefaget er kjenneteikna av kunnskapar og dugleikar som elevane treng for å kunna fungera i samfunnslivet, med særleg vekt på ein kritisk tenkjemåte som gjeld elevane sin evne til å forsvara tanke- og ytringsfridom og perspektivrikdom, sjølvkritikk og toleranse og vilje og evne til å møta samfunnet sine mangfaldige utfordringar og til deltaking i demokratiske prosessar. Dette er sentrale element i skulen sitt allmenne dannings- og utdanningsprosjekt, og emnet skal gi eit grunnlag for læraren sitt arbeid med dette i samfunnskunnskapsfaget. Emnet inneheld også 10 dagar praksis.
Undervisninga i emnet vil støtta studentane i å reflektera over praksiserfaringane i lys av fagdidaktikk.Undervisninga i emnet skal bidra til å utvikla studentane sin evne til kritisk vurdering av sentrale, fagdidaktiske spørsmål om både innhald, arbeidsmåtar, elevføresetnader og læringsressursar. Undervisninga skal bidra til at studenten vidareutviklar kunnskapane sine om og i faget, samt lærer å planleggja, gjennomføra og vurdera kvaliteten på undervisninga og på elevane sine læreprosessar og læringsresultat.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten har gode kunnskapar om:
- ulike perspektiv på faget si rolle og oppgåve i utdanning og for unge menneske som samfunnsmedlemmer
- samfunnskunnskapen sin plass i læreplanverket i vidaregåande skule og på ungdomssteget.
- prinsipp og viktige omsyn i strukturering og planlegging av undervisning
- korleis elevar si tenking om sosiale tilhøve utviklar seg
- perspektiv på faget sin funksjon i samfunnet med særleg vekt på demokrati og globalisering
- ulike arbeidsmåtar i samfunnskunnskap tilpassa elevane sine ulike føresetnader
- ulike læremiddel og læringsressursar
- ulike vurderingsformer
- kva roller og oppgåver faglærarar har i undervisning og fagsamarbeid (i tilknyting til praksis)
Dugleikar
Studenten kan:
- drøfta og vurdera ulike sider ved faget i samarbeid med andre og utvikla eigen fagdidaktisk ståstad og praksis
- drøfta og vurdera tilhøvet mellom utdanningspolitiske mål og retningsliner og klasseromspraksis
- planleggje og gjennomføre undervisning basert på fagdidaktisk og disiplinfagleg kompetanse
- drøfta ulike tilnærmingar til haldningsbyggande undervisning
- vurdera læremiddel fagleg og fagdidaktisk i samfunnskunnskap
- formulera siktemål med undervisninga i samfunnskunnskap med utgangspunkt i forsvarlege tolkingar av læreplanane, og med utgangspunkt i perspektiv på demokrati og politisk danning planleggja og gjennomføra undervising
- vurdera korleis grunnleggande dugleikar kan fylgjast opp i samfunnskunnskap
- integrera digital kompetanse i arbeidet med samfunnskunnskap
- vurdera elevanes kompetanse i faget
- ta utgangspunkt i relevante kompetansemål og aktuelle læremiddel, planleggja og grunngi to til fire undervisningsøkter, gjennomføra dei og reflektera rundt dei i praksisperioden
- bruka relevante digitalte verktøy og læremiddel i praksis i vidaregåande skule.
Generell kompetanse
Studenten kan
- ta heilskapleg ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning
- nyttiggjera seg fagdidaktisk kunnskap som grunnlag for å velje arbeidsmåtar, lærestoff, oppgåve- og vurderingsformer som i størst mogleg grad er tilpassa eleven sine føresetnader.
- inngå som reflektert medlem i eit lærarkollegium med eigen fagdidaktisk ståstad
- vidareutvikla fagdidaktisk dugleik som grunnlag for å velja og for å vurdera arbeidsmåtar, lærestoff, oppgåve- og vurderingsformer
- utvida sin kapasitet til å bruka og kritisk vurdera ulike læremiddel som ledd i undervisninga i samfunnskunnskap
- kan oppdater seg fagdidaktisk og delta i utviklingstiltak i skulen
- delta i skulesamfunnet og kommunisere med elevar og lærar.
- Opptre profesjonelt i møte med elevar, lærarar og andre aktørar i skulesamfunnet ( i samband med praksis)
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Haust
Går første gang hausten 2025
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Emnet er reservert studentar på intergrerte lektorutdanningar ved UiB.
Opptak til emnet føreset at føregåande praksis i lektorprogrammet studenten går på er godkjend.
Arbeids- og undervisningsformer
Fagdidaktikken skal relaterast til praksis i skulen.
Undervisninga vert organisert som førelesningar, seminar og verkstadsorientert arbeid i samband med praksis. Det vert stilt krav til studentane om dokumentasjon og/eller framlegging av eige arbeid.
For studentar som tar emnet som didaktikk til fag 1 inngår ein obligatorisk kortpraksis. Praksisperioden har eit omfang på 10 dagar, 8 dagar i skulen, forarbeid ein dag og etterarbeid ein dag, og vil inneber aktiv deltaking frå lektorstudentane. Studentane skal planlegge, gjennomføre og vurdere to til fire læringsøkter under rettleiing av praksisrettleiar, få innblikk i vurderingspraksis, delta i fagsamarbeid og i skulens FOU arbeid. Gjennomføring av praksis er obligatorisk og blir vurdert som godkjent/ikkje godkjent.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk deltaking på 80% av undervisninga.
I studiet er det eit obligatorisk arbeidskrav om å vurdera skulefaget, slik det kjem til uttrykk i læremiddel eller på andre måtar, i disiplinperspektiv.
Obligatorisk undervisningsaktivitetar direkte knytt til praksis:
- Planlegge, gjennomføre og evaluere to til fire undervisningsøkter med ein klasse eller gruppe elevar i praksis
- 100 % deltaking i kortpraksis i skulen, og dessutan for- og etterarbeid på campus.
Vurderingsformer
4 timar skuleeksamen
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskrifta ved UiB.
Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengeleg for studentar med følgjande resultat/fravær forutsatt at heimeeksamen er levert:
- Legeattest/gyldig fravær
- Avbrudd under eksamen
- Stryk/ikke bestått
Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 15. januar melde deg opp sjølv i Studentweb.