Samanliknande europeiske kulturstudium

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi studentane innblikk i nokre sentrale omgrep, debattar og historiske oppbrott som har prega den kulturelle utviklinga i Europa frå renessansen til vår eiga tid, og korleis desse blir formidla først og fremst i litteratur, men også i andre kulturelle uttrykk. Aktuelle omgrep er verdsbilete, europear, nasjon, opplysning, revolusjon, kolonialisme og postkolonialisme. Andre døme på aktuelle omgrep kan vera individualisme, totalitarisme, isolasjonisme, globalisering, minoritet og rasisme.

Emnet vil belyse eit utval av epokar og oppbrottstider i europeisk historie der nye idear, omgrep og tenkjemåtar har blitt til eller skifta innhald på måtar som har påverka den kulturelle utviklinga og skjønnlitteraturen. Emnet vil ta for seg ulike epokar i et samanliknande perspektiv konsentrert om nokre omgrepshistoriske utviklingslinjer.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om nokre sentrale omgrep, debattar og historiske brytningsfasar som har prega den kulturelle utviklinga i Europa
  • har kunnskap om korleis desse vert formidla i skjønnlitteraturen og andre kulturelle uttrykk

Ferdigheiter

Studenten

  • har innsikt i eit utval kulturelle fenomen og utviklingstrekk i Europa
  • kan problematisera og reflektera over nokre sentrale omgrep, debattar og historiske oppbrott som har prega den kulturelle utviklinga i Europa

Generell kompetanse

Studenten

  • kan demonstrera kunnskap og evne til fagleg drøfting i eit mindre skriftleg arbeid
  • kan analysera fagstoff og trekkje eigne slutningar
  • kan vidareutvikla sin kunnskap, ferdigheiter og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen.

Dette emnet finst òg som reint nettstudium (SEK600).

Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for SEK100 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med SEK600.
Krav til studierett
Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
Det blir undervist i sentrale delar av pensum i hovudsak i form av oversynsførelesingar. Normalt blir det gitt førelesingar to timar i veka i åtte veker. Det kan også bli aktuelt å organisera undervisninga i større blokker.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei obligatorisk skriftleg oppgåve på 750-1000 ord. Oppgåva kan skrivast på engelsk, fransk, italiensk, norsk, russisk eller tysk og vert vurdert til bestått/ikkje bestått.

I samsvar med UiB sitt grads- og studiereglement har studentane høve til å få eit nytt forsøk på oppgåva om ho ikkje vart godkjend ved fyrste innlevering. Oppgåva må vera godkjend før ein kan gå opp til endeleg vurdering i emnet.

Det er også krav om 75% oppmøte til førelesingane for å kunne gå opp til eksamen.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.

Vurderingsformer
Vurderingsforma i emnet er ein seks timars skriftleg, digital eksamen heimefrå. Eksamensspråket er norsk eller engelsk.
Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.
Litteraturliste

Pensum skal innehalda fagleg relevant sekundærlitteratur i form av bøker og artiklar, og vil også innehalda skjønnlitterære tekstar.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle hjelpemiddel er tillatne ved eksamen under forutsetning av korrekt bruk av kjelder. Det er sjølvsagd at teksten som leverast er studenten sin eigen. UiB bruker Urkund til elektronisk plagiatkontroll av innleverte studentarbeid.
Programansvarleg
Institutt for fremmedspråk
Emneansvarleg
Institutt for fremmedspråk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.
Institutt
Institutt for fremmedspråk