Arbeid under kapitalismen
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- SOS105
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
SOS105 er et fordjupingsemne knytt til eitt av dei sentrale problemområda for Sosiologisk institutt sin forskingsprofil: Arbeid, kunnskap, utdanning og økonomi. Målsetjinga med fordjupingsemna er at studentane skal bli kjent med teoritradisjonar, problemstillingar og faglege diskusjonar innanfor det valte emnet. Ei slik fordjuping vil også gi et godt grunnlag for val av tema til ei bacheloroppgåve.
Emnet gjer ein introduksjon til sentrale problemstillingar, omgrep og sosiologiske perspektiv i studiet av arbeid under kapitalismen, dvs. i studiet av arbeid både som lønsarbeid, slik det er strukturert av arbeidsmarknaden, og som konkret virksomheit knytt til arbeidsprosessar i føretak som produserer varer og tenester. Introduksjonen blir knytt til nyare sosiologisk forsking og aktuell debatt om arbeid som sosiologisk nøkkelkategori i det moderne "arbeidssamfunnet", om arbeidet si tyding for identitetsutvikling, om tendensane til individualisering og oppløysing av arbeidslivet som grunnlag for sosial tilhøyring og solidaritet, om endra kunnskapsbehov i arbeidet, om endringar i yrkes- og kvalifikasjonsstrukturar, om destandardisering og deregulering av arbeidsmarknaden, om fagorganisasjonar si stilling, om endringar i bedriftsoragnisasjonar og om nye former og strategiar for organisering av arbeid, om påverking av globale prosessar på arbeidsmarknad og arbeidsorganisasjon.
Det vil fra semester til semester kunne legges mer eller mindre vekt på ulike deler av disse problemområdene.
Læringsutbyte
En student som har fullført emnet skal ha følgende totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten kan
- gjere greie for sosiologiske omgrep og debatt om
- arbeidet si subjektivering/meining
- ulike modeller for organisering og leiing av arbeidet
- utviklingstrekk ved yrker og yrkesdanning
- arbeidstakarane si kollektive organisering
- arbeidslivet si interesseregulering
- gjere greie for utviklingstrekk innanfor desse problemområda i lys av endringsprosessar under kapitalismen dei siste tiåra
Ferdigheiter
- Studenten kan bruke sosiologiske omgrep om arbeid under kapitalismen for å drøfte den konkrete utviklinga i ulike delar av arbeidslivet
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar og seminar
20-24 timer førelesingar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk innlevering av oppgave (3000 ord, +/- 10%). Oppgåva vil få kommentarar og må vere godkjent før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet.
Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.
Vurderingsformer
6 timars skuleeksamen
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.
Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB.
Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:
- Legeattest/gyldig fravær
- Avbrudd under eksamen
- Stryk/ikke bestått
Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 15. januar/1. august melde deg opp sjølv i Studentweb.