Familien i endring

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

SOS111 er eit fordjupingsemne knytt til eit av dei sentrale problemområda innan Sosiologisk institutt sin forskingsprofil: Velferd, ulikskap og livsløp. Målsetjinga med fordjupingsemne er at studentane skal verte kjende med teoritradisjonar, problemstillingar og faglege diskusjonar innafor det valde emnet. Ei slik fordjuping vil og gje eit godt grunnlag for val av tema til ei bacheloroppgåve.

Vidare er målsetjinga med SOS111 å skape auka forståing for mangfaldet og variasjonane i familieliv og relasjonen mellom kjønna, i høve til økonomiske, kulturelle og geografiske mønster. Emnet held seg vesentlig til endringar i familien i norsk og vestleg kontekst, men desse vert sett i samanheng med korleis familieinstitusjonen har endra seg historisk og globalt.

Emnet tar utgangspunkt i korleis innhaldet i familieomgrepet har endra seg, og rettar merksemda mot endringar i familien i det 20. og 21.århundre. Det tar særleg opp dei store endringane etter 1970 i Norge og andre vestlige land. Stikkord i denne samanhengen er mellom anna: kvinners utmarsj i yrkeslivet, auking i fødslar utanfor ekteskap, nye samlivsformer (heterofilt sambuarskap og partnarskap mellom homofile), auka i skilsmisser, endringar i barn sitt liv endringar i arbeidsdelinga mellom kjønna når det gjeld forsørging og omsorg, transnasjonale familiar og endringar i fertiliteten. Emnet gir innføring i ulike sosiologiske teoriar og omgrep for å forstå desse endringane, og nyare sosiologisk forsking på området.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Etter å ha avslutta emnet kan studenten:

  • gjere greie for sentrale endringar i familieinstitusjonen og familieliv i det 20. og 21.århundre
  • gjere greie for teoritradisjonar i sosiologien på området, og sette endringane i familien i eit historisk og globalt perspektiv
  • gjere greie for forsking innan fagområdet med ulike metodiske tilnærmingar

Ferdigheter

Etter å ha avslutta emnet kan studenten:

  • anvende teori og forskingslitteratur på området til å diskutere konkrete problemstillingar skriftleg
  • sette seg inn i forskingslitteratur om aktuelle forskingstema på området

Generell kompetanse

  • Etter å ha avslutta emnet kan studenten
  • sette seg inn i forskingslitteratur, teori og perspektiv på et forskingsfelt
  • anvende forsking, perspektiv og omgrep om familieinstitusjonen og familieliv til å drøfte aktuelle problemstillingar

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Emne kan bli tilbydd både vår og haust, men tilbodet vil variere frå semester til semester 
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
SOS100A Innføring i sosiologi med fordjupingstema / SOS100B Innføring i sosiologi
Studiepoengsreduksjon
SOS131 (10 studiepoeng)
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer
10-12 førelesingar og 10-12 seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk innlevering av oppgave (3000 ord, +/- 10% ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg). Oppgåva vil få kommentarar og må vere godkjent før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet.

Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.

Vurderingsformer

6 timars skuleeksamen. 

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB.

Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

  • Legeattest/gyldig fravær
  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikke bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 15. januar/1. august melde deg opp sjølv i Studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret. 
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.