Klasse, stratifikasjon og sosial mobilitet

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

SOS136 Klasse, stratifikasjon og sosial mobilitet er eit fordjupingsemne knytt til eit av dei sentrale problemområda for Sosiologisk institutt sin forskingsprofil: Arbeid, kunnskap, utdanning og økonomi. Målsetjinga med fordjupingsemna er at studentane skal verte kjende med teoritradisjonar, problemstillingar og faglege diskusjonar innan det valte emnet. Ei slik fordjuping vil også gi eit godt grunnlag for val av tema til ei bacheloroppgåve.

Formålet med dette emnet er å gje studentane kunnskap om klassiske og nyare bidrag i norsk og internasjonal forsking om sosiale klassar, stratifikasjonsforsking og sosial mobilitet. Emnet fokuserer på moderne vestlege samfunn, og tek opp spørsmål som:

  • kva vert meint med sosial ulikskap, sosiale klassar, stratifikasjon og mobilitet?
  • korleis kan ein teoretisk forstå og forklare sosial stratifikasjon?
  • korleis har sosiale stratifikasjonsprosessar vorte studerte empirisk?
  • korleis ser dei norske mønstra for sosial stratifikasjon og sosial mobilitet ut?
  • finn ein sosiale klassar i Noreg av i dag? I så fall, i kva forstand og langs kva skilleliner? Kor vanleg er det at individ kryssar yrkes- og klasseskiller? Korleis vert sosial mobilitet forklart? Skuldast mobilitet individuelle motivasjonar, strukturelle endringar eller institusjonelle faktorar?
  • finn ein elitar i Noreg av i dag? I så fall, korleis er norske elitar samanlikna med elitane i andre land?
  • korleis er økonomisk og sosial ulikskap strukturert av politiske, sosiale og økonomiske institusjonar i dei moderne samfunna?
  • korleis påverkar tilskrivne og oppnådde trekk, slik som utdanning, sosial bakgrunn, kjønn og etnisitet, økonomiske moglegheiter og utkome på arbeidsmarknaden?
  • er det i dag i ferd med å oppstå nye stratifikasjonssystem og -mønster?

Emnet vektlegg desse problemstillingane og prosessane sin historiske karakter. Eit hovudtema er derfor å følgje linjene frå dei klassiske analysane av sosial ulikskap og differensiering til analysar av slike skilleliner i dagens vestlege samfunn. Likeeins står problemstillingar i høve til sosial endring vs. sosial stabilitet eller reproduksjon sentralt.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Etter å ha avslutta emnet kan kandidaten

  • gjere greie for sentrale tema, teoriar, omgrep, problemstillingar og metodar innanfor studiar av sosiale klassar og sosial mobilitet
  • greie ut om historiske forskingstradisjonar innan klasse- og mobiletsanalysar
  • gjere greie for korleis ein teoretisk kan forstå og forklare sosial stratifikasjon i dagens samfunn
  • gjere greie for korleis sosiale stratifikasjonsprosessar vert studert empirisk

Dugleikar

Etter avslutta emne kan studenten

  • drøfte problemstillingar knytt til sosial mobilitet, stratifikasjon og sosiale klassar på ein analytisk måte
  • forklare korleis sosial stratifikasjon artar seg i moderne samfunn, med vekt på norske tilhøve, og i denne samanheng gjere greie for: (1) om ein finn sosiale klassar i Noreg av i dag, og i så fall, i kva forstand og langs kva skiljeliner? (2) kor vanleg er det at individ kryssar yrkes- og klasseskilja? Korleis vert sosial mobilitet forklart? Skuldast mobilitet individuelle motivasjonar, strukturelle endringar eller institusjonelle faktorar? (3) om ein finn elitar i Noreg av i dag, og forklare korleis norske elitar er samanlikna med elitane i andre land. (4) gjere greie for korleis økonomisk og sosial ulikskap er strukturert av politiske, sosiale og økonomiske institusjonar i dei moderne samfunna
  • drøfte om, og evt. korleis tilskrivne og oppnådde trekk er påverka av utdanning, sosial bakgrunn, kjønn og etnisitet, økonomiske moglegheiter og utkome på arbeidsmarknaden
  • gjere greie for, og drøfte analytisk om det i dag er i ferd med å oppstå nye stratifikasjonssystem og - mønster

Generell kompetanse

Etter avslutta emne kan studenten

  • analytisk gjere greie for sentrale kjelder til, og former for sosial ulikskap i det moderne norske samfunnet
  • bruke sine kunnskapar om sosial ulikskap i moderne samfunn i eigne analysar av sosiale tilhøve
  • presentere teoretisk, metodisk og empirisk kunnskap om sosial ulikskap både skriftleg og munnleg
  • bidra med nyansert kunnskap til det offentlege ordskiftet om sosial ulikskap i fortid og samtid

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Emne kan bli tilbydd både vår og haust, men tilbodet vil variere frå semester til semester
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
SOS100A Innføring i sosiologi med fordjupingstema / SOS100B Innføring i sosiologi
Studiepoengsreduksjon
SOS116 (10 studiepoeng)
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer
10 førelesingar og 10 seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk innlevering av oppgave (2000 ord, +/- 10%, ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg). Oppgåva vil få kommentarar og må vere godkjent før studenten kan framstille seg for eksamen i emnet.

Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.

Vurderingsformer

4 timar skuleeksamen.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fråver etter § 5-5 i Studieforskrifta ved UiB.

Dersom det vert arrangert kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengeleg for studentar med følgande resultat/fråver:

  • Legeattest/gyldig fråver
  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikkje bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 15. januar melde deg opp sjølv i Studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ordbok godkjent av fakultetet
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.