Sosiologisk forsking: Teori og metode

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Dette emnet tek for seg korleis ulike tradisjonar i sosiologifaget har ulike tilnærmingar til tilhøvet mellom teori og empirisk forsking. Emnet vil såleis ta for seg noko av det mangfaldet som finst av sosiologisk teori, kva slags forskingsstrategiar som blir brukt i faget og korleis ein kan utvikla omgrep og forklaringar ut frå empiriske observasjonar. Kurset vil legge vekt på å få fram at det finst ulike tradisjonar for sosiologiske analysar. Ein vil til dømes vise korleis nokre tradisjonar er opptatt av å ta i bruk sensitiverande omgrep når ein gjennomfører empiriske analyser, mens andre tradisjonar tar utgangspunkt i eit hypotetisk deduktivt rammeverk, der ambisjonane er å etterprøve eller forkaste hypotesar. Kva slag tradisjonar og tema som vert tekne opp vil kunne variere frå semester til semester. Emnet vil bidra til at studentane vidareutviklar sine evner til kritisk og sjølvstendig lesing av sosiologisk forsking og analysar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan gjera greie for

  • kva ein meiner med omgrepa teori og empiri innan forsking generelt og sosiologisk forsking spesielt
  • korleis ulike sosiologiske forskingstradisjonar har handsama forholdet mellom teori og empiri
  • korleis ulike sosiologiske teoritradisjonar er knytt til bruk av bestemde forskingsmetodar
  • ulike syn på korleis ein utviklar omgrep og teoriar gjennom empiriske observasjonar

Ferdigheiter

Studenten kan

  • vurdera og forstå forholdet mellom teori og empiri i sosiologiske analysar
  • utvikla omgrep og forklaringar gjennom analyse av kvalitative eller kvantitative data
  • lesa sosiologiske tekstar med kritisk blikk

Generell kompetanse

Studenten har

  • forståing og respekt for akademisk skrivearbeid og vitskapeleg tenkjemåte
  • forståing av kor viktig det er at ulike faglege synspunkt kjem fram og blir debattert
  • generelle dugleikar i kritisk tenking og evne til å skilje mellom argument ut i frå kva for teoretiske perspektiv dei er grunna i.

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
SOS203 (10 studiepoeng)
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisinga vil vera i form av førelesningar og seminar. I seminara får studentane trening i kritisk lesing av artiklar og munnleg drøfting av faglege problemstillingar.

10-12 førelesningar

10-12 seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei oppgåve på 3000 ord (+/-10%, ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg) der ein skal vurdere måten ein vitskapleg artikkel handsamar teori, empiri og forholdet mellom desse på, og i kva grad/korleis den bidrar til utvikling av teori. 

Godkjent obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret og dei to etterfølgande eksamenssemestera.

Vurderingsformer

4 dagars heimeeksamen der det skal skrivast ei oppgåve på 2500 ord (+/-10%, ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg). 

Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret

Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter § 5-5 i Studieforskriften ved UiB.

Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

  • Legeattest/gyldig fravær
  • Avbrudd under eksamen
  • Stryk/ikke bestått

Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det vert arrangert kontinuasjonseksamen for studentar med gyldig fravær, kan du etter 1. august melde deg opp sjølv i Studentweb.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Alle
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.