Observasjon, kartlegging og tiltak i barnehagen

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emne vil gje studentane ei grunnleggjande forståing for omgrep som inkludering, likeverd og tidleg innsats, og korleis desse omgrepa er sentrale i arbeidet med å utvikle eit godt omsorgs- og læringsmiljø i møte med ei mangfaldig barnegruppe i barnehagen. Studentane vil vidare få ein generell innføring i kartlegging- og tiltaksarbeid i eit individ- og systemperspektiv, medrekna korleis tiltakskjeda fungerer når ein har identifisert eit spesialpedagogisk behov. I denne samanhengen vil fokuset i særleg grad rette seg mot utvikling og vanskar innanfor område som språk, leik og sosial kompetanse, samt korleis barnehagen kan legge til rette for eit godt samarbeid med foreldre/føresette og aktuelle hjelpe- og støttetenester.

Emnet vil vidare gje studentane ei grunnleggjande forståing av omgrep slik som normalitet, avvik, normering, standardisering, validitet og reliabilitet. Dette er naudsynt for å kunne vurdere relevans og kvalitet i ulike kartleggingsmateriell/testar, og for å kunne observere, vurdere og drøfte etiske dilemma i tilknyting til bruk av slikt materiell i barnehagen.

Studentane skal gjennom deltakande observasjonspraksis få kjennskap til barnehagen som institusjon, samt korleis ein gjennom observasjon, kartlegging, vurdering og tiltak kan betre det ordinære opplegget i barnehagen samt hjelpe barn med særskilte behov.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten...

  • har kunnskap om sentrale omgrep slik som inkludering, likeverd og tidlig innsats, og korleis desse omgrepa er sentrale i arbeidet med å utvikle eit godt omsorgs- og læringsmiljø i barnehagen
  • har kunnskap om omgrep slik som observasjon, kartlegging, dokumentasjon og test, samt ulike definisjonar av normalitet og avvik
  • har kunnskap om sentrale omgrep innanfor testteori og som er gjeldande når ein skal vurdere kvaliteten på kartleggingsmateriell, slik som normering, standardisering, validitet og reliabilitet
  • har kunnskap om språkutvikling, leik og sosial kompetanse hjå barn i barnehagealder, samt kunnskap om kva som karakteriserar utviklinga til barn som strevar på desse områda
  • har kunnskap om korleis barnehagen kan etablere og utvikle eit godt samarbeid med foreldre/føresette og aktuelle hjelpe- og støttetenester

Ferdigheiter

Studenten...

  • kan gjere greie for bruken av ulikt kartleggingsmateriell og prosedyrar som er gjeldande i  spesialpedagogisk praksis.
  • kan gjere greie for korleis kunnskap frå observasjon og kartlegging kan nyttast for å setje i verk tiltak på individ- og systemnivå
  • kan gjennomføre observasjonar av barn i naturlig samspel, der observasjonane skal vera retta mot språkferdigheiter, leik og/eller sosial kompetanse
  • kan utforme intervjuguide og gjennomføre eit intervju av pedgogisk personale på praksisstaden

Generell kompetanse

Studenten...

  • kan kritisk reflektere rundt bruk av kartleggingsmateriell/testar i barnehagen
  • kan reflektere over etiske dilemma innanfor det spesialpedagogiske fagfeltet
  • kan formidle og kommunisere spesialpedagogiske problemstillingar knytt til utøvinga av rolla som spesialpedagog på eit grunnleggjande nivå

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
For å ta dette emnet er det ein føresetnad at studentane har avlagt og bestått SPED100 og SPED101.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på bachelorprogrammet i spesialpedagogikk
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vert organisert i førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper. Seminarundervisninga legg vekt på gruppediskusjon. Det vert forventa at studentane møter førebudd til seminara. Studentane skal i løpet av semesteret utarbeide ei skriftleg framstilling av arbeidet med praksiserfaringar. Kvar student har tilbod om to timar individuell rettleiing frå faglærar.

Praksis, til saman 50 timar som inkluderer 25 timar observasjonspraksis i barnehage, samt for- og etterarbeid i seminargrupper. Studentane får utlevert eit eige skriv med informasjon om praksis ved semesterstart

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltaking på seminargruppe
  • Deltaking i praksis. Her inngår å gjennomføre observasjon av barn i naturleg samspel og å gjennomføre eit intervju av pedagogisk personale på praksisstaden
  • Presentere erfaringar frå praksis til studentgruppa i gruppe
  • Levere ein rapport på omlag 2500 ord (+/- 10 %) etter praksisperioden
  • Arbeidskrava må vere godkjende for å framstille seg til vurdering i emnet.

    Vurderingsformer
    I emnet nyttar ein individuell munnleg eksamen
    Karakterskala
    A-F
    Vurderingssemester
    Haust og vår
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07.
    Emneevaluering
    Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen
    Programansvarleg
    Institutt for pedagogikk
    Emneansvarleg
    Institutt for pedagogikk
    Administrativt ansvarleg
    Det psykologiske fakultet