Kultur, historie og litteratur: Latin-Amerika i den globale verda
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- SPLA119
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Spansk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
I dette emnet vil studentane få studere kva for rolle Latin-Amerika har hatt som ein global aktør både historisk og i notida. Sidan 1492 har kontinentet spela ei viktig rolle i internasjonal samanheng og på mange område, og døme på tema som kan vera tatt opp og sett på i eit slikt perspektiv er:
- kulturelle tema, som t.d. litteratur og gastronomi
- politiske tema, som t.d. internasjonale relasjonar
- økonomiske tema, som t.d. dei latinamerikanske eksportøkonomiane
- sosiale tema, som t.d. migrasjon og pandemi
Tema vil verta belyst ut ifrå ein litterær eller ein historisk ståstad, eller frå ein kombinasjon av desse.
Fordjupingstema og innfallsvinkel vil skifta frå semester til semester og vil vera knytt til den pågåande forskinga ved instituttet og undervisningskreftene som er tilgjengelege. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd, ved semesterstart.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har innsyn i nokre sentrale tema og problemstillingar innan latinamerikansk historie, litteratur og kultur knytte til Latin-Amerika som ein global aktør
- har forståing for korleis ulike perspektiv pregar framstillingane av Latin-Amerika som ein global aktør i ein konkret kontekst
Ferdigheiter
Studenten
- kan forstå og tolka ulike typar tekstar på spansk
- kan uttrykkja seg skriftleg og munnleg på spansk, både om historiske, litteratur- og kulturfaglege emne og meir ålment.
Generell kompetanse
Studenten
- kan analysera fagstoff og trekkja eigne slutningar.
- kan vidareutvikla kunnskap, dugleik og forståing gjennom vidare studium og yrkesliv.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga går normalt over ein 8-10 vekers periode. Det kan også verta aktuelt å leggja undervisninga i blokk. Normalt vil det vera to digitale seminar for veka og to seminar på campus, og studentane vel om dei vil følgja undervisninga på campus eller på nett, ved semesterstart.
Det vert lagt opp til bruk av studentaktive læringsformer, og gjennom semesteret vil det vera stor vekt på eigenaktivitet. Det er venta at studentane førebur seg grundig til timane og gjennomfører etterarbeid og oppgåveløysing. Studentane kan også verta bedne om å førebu og leggja fram kortare presentasjonar i timane.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane skal gjennomføra to munnlege oppgåver i løpet av semesteret. Det vert gitt informasjon om kva oppgåvene går ut på og kor tid dei skal gjennomførast, i byrjinga av semesteret. Vurderingsforma for arbeida er godkjent/ikkje godkjent.
Studentane skal i tillegg møta til ei obligatorisk rettleiing i samband med skriving av semesteroppgåva. Utkastet og semesteroppgåva skal vera studenten sitt sjølvstendige arbeid.
I samsvar med Forskrift om studium ved UiB har studentane høve til å få eit nytt forsøk per oppgåve, om ei eller fleire av dei ikkje vart godkjende ved fyrste innlevering. Alle dei obligatoriske arbeidskrava må vera godkjende for å kunna levera semesteroppgåve.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
Vurderingsforma er ei rettleidd semesteroppgåve på 2000-2500 ord skriven på spansk. Studentane kan velja tema for oppgåva frå ei liste utarbeidd av emneansvarleg. Karakteren blir sett på grunnlag av både innhald og språk.
Ved eksamen i påfølgjande semester leverer studenten som har oppfylt krava om rettleiing i undervisningssemesteret den omarbeidde semesteroppgåva utan vidare rettleiing
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum tilsvarar om lag 450 sider og kan vera sett saman av fagtekstar og skjønnlitterære tekstar så vel som tekstar i utvida forstand, t.d. audiovisuelle kjelder. Pensumlitteraturen er i all hovudsak på spansk.
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for haustsemesteret.