Finansteori
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- STAT240
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk, Engelsk ved behov
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Kurset går gjennom teorien for prising av finansielle derivat - både i diskret og kontinuerleg tid, inkludert utleiing av Black-Scholes formel. Vidare ser ein på ulike rentemodellar. Den nødvendige teorien for stokastiske differensiallikningar vil bli gjennomgått.
Læringsutbyte
Etter fullført emne skal studentane kunne:
- Nytte den binomiske modellen til å finne verdien til eit finansielt derivat.
- Nytte arbitrage argument til å utleia Black-Scholes formel.
- Kjenne karakteriseringa av arbitrage ved martingal mål.
- Karakterisere og drøfte stokastiske differensiallikningar og utnytta samanhengen mellom desse og den infinitesimale operatoren til overføre løysinga av den stokastiske differensiallikninga til eit Caucy problem for ei partiell differensiallikning.
- Nytte Feynman-Kac stokastiske representasjonsformel for løsning av eit Cauchy problem.
- Modellere korttidsrenta ved hjelp av martingalar. Kjenne ulike term structure modellar.
Undervisningssemester
Annenhver vår, odde årstall
Undervisningsstad
Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatoriske øvingar (gyldige i to semester: inneverande + semesteret etter).
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen: 4 timar. Tillatne hjelpemiddel: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen vår og haust i oddetalsår. Om hausten, når det ikkje er undervising, er eksamen tidleg i semesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.