Tverrprofesjonell læring

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Overordna mål: Å trene helseprofesjonsstudentar i tverrfagleg samarbeid

Innhald:Studentane etableres i tverrfaglege team, utreiar pasientar, og skriv tiltaksplan. Tiltaksplanane blir diskutert og kvalitetssikra på dialogmøtet med studentane og tilsette på praksisarenaen, og fasilitator frå TVEPS. Studentane reviderer tiltaksplanane og reflekterer over læringsutbyte i refleksjonsnotat.

TVEPS i barnehage/skule: Studentteam utarbeider et pedagogisk opplegg om folkehelse som blir presentert for ei gruppe barnehagebarn/skuleelevar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kjenner

  • til andre helseprofesjonars kompetanse og kva desse kan bidra med i pasientarbeid, utgreiingsarbeid eller pedagogisk intervensjon
  • betydinga av å samarbeide med dei tiltaka er retta mot

Studenten har

  • kunnskap om betydinga av tverrprofesjonelt samarbeid i eiga profesjonsutøving

Ferdigheiter

Studenten kan

  • formidle eiga vurdering til samarbeidande profesjonsgrupper
  • nytta eiga fagleg kompetanse i samarbeid med andre profesjonsgrupper
  • delta aktivt i gjennomføring av ein tverrprofesjonell utgreiing av pasient, brukar, overordna utfordring eller av ein pedagogisk intervensjon

Generell kompetanse

Studenten kan

  • kommunisere om faglege problemstillingar og tiltak innanfor fagområdet med andre som har tilgrensande kompetanse
  • reflektere over eiga rolle i grupper og gruppeprosessar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor/Master

Siste år og/eller i slutten av studiet på profesjonsstudieprogramma.

Deltakande studieprogram:
Universitetet i Bergen: medisin, tannpleie, odontologi, ernæring, logopedi, farmasi, psykologi, musikkterpai og juss

Høgskulen på Vestlandet: sjukepleie (inkludert helsesjukepleie og desentralisert sjukepleie), fysioterapi, ergoterapi, sosialt arbeid, vernepleie, bioingeniør, barnehagelærar og lærar.

Det medisinske fakultet, Det psykologiske fakultet, Det juridiske fakultet, Fakultet for kunst, musikk og design ved Universitet i Bergen, Fakultet for helse- og sosialvitskap og avdeling for lærarutdanning ved Høgskulen på Vestlandet.

Undervisningssemester

Haust/vår

Undervisningsstad

Bergen, Øygarden, Askøy

Læringsarenaer: Utredning av pasient/brukar/barn ved arenaer i primærhelsetenesta. Pedagogisk folkehelsearbeid i barnehage.

Samarbeidene praksisarenaer per i dag: sjukeheim, heimeteneste, rehabilitering, barnehage, grunnskule, kriminalomsorg, rusomsorg, Lærings- og meistringssenter, Friskliv- og meistringssenter, sosialteneste, butenester til utviklingshemma, etat for barn og familie.

Arbeids- og undervisningsformer

TVEPS-praksis: Total arbeidsmengd = 20 timar

  • Førebuing før/etter oppstartsmøtet (1,5 timar)
  • Oppstartsmøte - på ettermiddagstid (1,5 timar)
  • Utredningsdag - heil dag med praksis på arbeidsplass (6 timar)
  • Samarbeid om tiltaksplan (6 timar)
  • Dialogmøte (2 timar)
  • Revidering av tiltaksplan (2 timar)
  • Refleksjon spørreskjema i etterkant av sjølve praksisen (1 time)

I barnehage:

  • Foørebuing før/etter oppstartsmøtet (1,5 timar)
  • Oppstartsmøte - på ettermiddagstid (1,5 timar)
  • Førebu pedagogisk opplegg (10 timar)
  • Praksisdag med dialogmøte (6 timar)
  • Refleksjon spørreskjema i etterkant av selve praksisen (1 time)
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltakelse, levert refleksjonsnotat og evalueringsskjema.
Vurderingsformer

Mappevurdering:

  • Tiltaksplan/skisse for pedagogisk opplegg
  • Refleksjonsnotat/evalueringsskjema

Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Litteraturliste
Det ligg ikkje pensum til emnet
Emneevaluering
Kvart semester
Institutt
Institutt for global helse og samfunnsmedisin