Tyskspråkleg kultur og historie, nettbasert
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- TYS626
- Talet på semester
- 1
- Språk
- Tysk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap: Studenten:
- skal tileigne seg grunnleggjande kunnskapar om bakgrunnen for det moderne tyske samfunnet og den kulturelle utviklinga i Tyskland.
- har kunnskap om den tyske nasjonsbyggingsprosessen og statsdanninga og særtrekk ved ulike kulturhistoriske periodar
Ferdigheiter: Studenten:
- skal forstå kulturhistoriske fagtekstar og ulike estetiske uttrykk og kunne arbeide sjølvstendig med desse
- skal kunne arbeide sjølvstendig med ulike media for å tileigne seg forståing av den kulturelle utviklinga i Tyskland
Generell kompetanse: Studenten:
- har grunnleggjande kunnskap om utvalde tema innan tyskspråkleg kultur i perioden frå opplysningstida (1760) fram til i dag
- har eit reflektert forhold til stoffet
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Nettbasert.
I perioden mellom undervisningsslutt og eksamen blir det tilbod om eit frivillig opphald i Kiel i tre veker som må finansierast ved eigenbetaling.
Dette emnet finst òg som campusemne (TYS106) med eige opptak.
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningstilbodet omfattar forelesingar og øvingsgrupper. Aktiv deltaking frå studentane er ein føresetnad.
- To dobbeltimar forelesing
Eller:
- Ein dobbeltime forelesing
- Ein førebuingspakke per veke for sjølvstudium
12 veker.
Omfanget på tilbodet om øvingsgruppe blir avgjort av dei tilgjengelege ressursane på faget.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er oppmøteplikt til 75 % av forelesingane.
I løpet av semesteret skal det skrivast ei øvingsoppgåve (ca. 500-700 ord) og haldast ein munnleg presentasjon. Alle obligatoriske arbeidskrav må gjennomførast i same semester.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
Vurdering skjer på grunnlag av ein sju dagars heimeeksamen.
Omfanget på heimeeksamenen skal vere ca. 1500 ord, ikkje medrekna innhaldsoversyn, oppgåveformulering og litteraturliste. Studentane vil mellom anna få breiddespørsmål frå pensum på heimeeksamen.