Prosjektoppgåve i molekylærbiologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- MOL231
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- kan forklare prinsippa bak dei ulike forsøka som inngår i prosjektet
- kjenner til relevante reglar for tryggleik i laboratoriet både for personale og miljø
Ferdigheiter
Studenten
- kan utføre, analysere og tolke eigne molekylærbiologiske funn
- kan føre ein detaljert og nøyaktig laboratoriejournal
- kan presentere resultat og analysere funn frå prosjektoppgåve
- leser relevant faglitteratur
Generell kompetanse
- Studenten kan planleggje og gjennomføre eit forskingsprosjekt
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Haust og vår, avhengig av antal tilgjengelege rettleiarar og prosjekt.
Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved NT-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33 i haustsemesteret og onsdag i veke 2 i vårsemesteret. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.
Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.
For å fullføra emnet må studenten gjennomføra eit prosjekt med ein av dei vitskaplege tilsette som foreslår eit prosjekt. Tilgjengelege prosjekt vil bli presentert på orienteringsmøtet.
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
- 3x forelesning (Infomøte om generelle aspekt ved emnet, om laboratoriejournalføring og poster-laging-instruksjon)
- Prosjektarbeid under rettleiing av vitskapleg personale som gir prosjektet
- Presentasjon av utført arbeid
- Kort skriftleg prosjektsammandrag
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studenten skal gjennomføra følgjande aktivitetar:
- Delta på infomøta.
- Lesa, signera og levera ein student-/rettleiaravtale.
- Gjennomføre prosjektet og registrere timar som er nødvendig for å gjennomføra emnet og i samsvar med talet på studiepoeng.
- Registrere eksperimentelle detaljar i ein laboratoriejournal. Laboratoriejournalen vert levert til rettleiar for kommentarar. Laboratoriejournal og kommentarar frå rettleiar blir sendt til emneansvarleg for sluttevaluering. Det er påkrevd at labjournalen er ført nøyaktig og at denne dagleg har vore oppdatert på laboratorie. Journalar vil bli oppbevart av emneansvarleg til slutten av semesteret og vil deretter bli gitt til rettleiarar. Studentane får tilgang til kopiar av journalen.
- Presentere arbeidet munnleg
- Skrive eit kort prosjektsammandrag av hovudresultata for prosjektet saman med ein samanfattande figur.
- Emnet vert avslutta med presentasjon av prosjektet i form av ein poster.
Gjennomførte aktivitetar er berre gyldige i inneværande semester.
All obligatorisk aktivitet må vere godkjend før ein kan få vurdering i emnet.