FNs Bærekraftsmål 15: Liv på land
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- SDG215
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
I 2015 vedtok FN 17 samankopla mål for berekraftig utvikling (SDG) som omhandlar dei globale utfordringane med fattigdom, ulikheit, klimaendring, miljøforringing, velstand, fred og rettferd. Måla skal oppnåast innan år 2030. For å realisere dette haster det både å handle og engasjere dei yngre generasjonane.
Dette kurset fokuserer på berekraftsmål 15: Livet på land (SDG15): som tar sikte på å beskytte, gjenopprette og fremje berekraftig bruk av økosystem, sikre berekraftig skogforvaltning, kjempe mot ørkenspreiing, stanse og reversere landforringing, samt stanse tap av artsmangfald. Det har 12 spesifiserte mål knytta til korleis me kan bevare og bruke jorda sine terrestrike artar og økosystem på ein berekraftig måte.
Menneskeheita sin påverknad på dei naturlege prosessane til planeten har dei siste århundra vore så massiv at den holocene epoken i etteristida har teke slutt og me lever no i den anthropocene epoken, med masseutrydding av dyreartar, klimaendringar og fysiske endringar i jordas overflate som globale utfordringar med lokale konsekvensar. Menneske har altså omforma naturomgjevnadene sine i tusental av år gjennom å dyrke jorda og domestisere plantar og dyr. Emnet diskuterer korleis mennesket har påverka desse prosessane og kva slags løysingar me treng for ei berekraftig utvikling. Resiliens og berekraft i sosial-økologiske system er sentrale omgrep i emnet. Kurset fokuserer på å klart definere SDG-utfordringane og -moglegheitar, i staden for å gje studentane ferdige løysingar.
Berekraftig utvikling er eit tema som angår alle studentar, og kurset er derfor opent for alle. Undervisaren nytter aktive læringsmetodar, og studentane speler ei nøkkelrolle i å diskutere moglegheitane og utfordringane med berekraftsmål 15.
Gjennom aktiv læring vil studentane lære meir om SDG15: målsettingar og indikatorar, vitskaplege grunnlag og korleis det heng saman med andre SDG-mål. Studentane skal jobbe med å:
- Finne, bruke og evaluere internasjonale rapporter, stortingsmeldingar og vitskapleg litteratur relevant for SDG15.
- Identifisere forskjellige interessentar og deira motivasjonar.
- Komponere og bruke vitskaplege argument i debatter om SDG15.
- Utvikle sosial-økologisk systemtenkning for å bidra til brukbar kunnskap om berekraftig utvikling.
- Lage og presentere ein poster til kurset sitt postersymposium som ein del av ei større gruppe.
Studentane skal også få ei grunnleggjande forståing av eigenskapane (fysiske, økologiske, miljømessige, klimaendringar) til terrestrielle system som bidrar til utfordringane under SDG15 globalt, og dei viktigaste statlege og mellomstatlege arenaene for avgjersler som er relevante for SDG15.
Du kan sjå på postere frå tidligare kurs her.
Læringsutbyte
Etter gjennomført emne skal studenten ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten:
- Kan identifisere hovudprosessane som bidreg til utfordringane som livet på land (SDG15) står ovanfor.
- Kan beskrive SDG15-måla, indikatorane og sentrale avveiingar og synergier i lys av 2030-agendaen.
- Kan forklare bakrgrunnen for og hovudtrekka til dei viktigaste internasjonale avtalane og konvensjonane som er relevante for SDG15 og agendaen for berekraftig utvikling.
- Kan identifisere dei sentrale regjerings- og mellomstatlege arenaene for vedtaksprosessar som er relevante for SDG15.
Ferdigheiter
Studenten:
- Kan beskrive hovudutfordringane for livet på land fundert på bevisbasert kunnskap.
- Kan analysere og sette i samanheng SDG15-delmåla i lys av dei andre SDG-måla.
- Kan identifisere ulike interessentar og kjenne igjen deira motivasjonar.
- Kan evaluere eksisterande forsking og identifisere forskingsbehov relatert til SDG15.
- Kan beherske forskjellige typar presentasjonsteknikkar, for eksempel posterpresentasjon, debatt og skriving av essay.
Generell kompetanse
Studenten:
- Kan finne, navigere og knytte samanhengar mellom vitskapleg litteratur og rapportar, konvensjonar og politiske dokument.
- Kan samanstille og bruke kunnskapsbasert argument for relevante samfunnsdebatter, både munnleg og skriftleg, individuelt og som del av et team.
- Kan gi konstruktive fagfellevurderingar, basert på kritiske og løysingsorienterte synspunkt.
- Kan reflektere systemheilskapleg tenkning (sosial-økologiske system) for å skape handlingskraftig kunnskap for berekraftig utvikling.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Vår.
Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.
Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Dette kurset er hovudsakeleg basert på aktive læringsmetodar, der studentane spele ein nøkkelrolle i si eiga læring. Studentane vil jobbe i grupper, med individuelle oppgåve og gruppeoppgåver, inkludert:
- individuelle essays
- gruppepresentasjonar
- fagfellevurderingar av medstudentane sine oppgåve
- førebu seg på og gjennomføre ein debatt
- lage ein plakat og presentere den på ein kurskonferanse
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- Obligatorisk oppmøte på første førelesing og på minst 80% av undervisningen.
- Obligatorisk deltaking på prosjektgrupper/ekskursjonar.
Vurderingsformer
Mappeevaluering bestående av:
- skriftlege oppgåve, individuelle eller i grupper
- presentasjonar
- poster og essay, presentert på kurssymposiet