Grunnleggjande økologi og feltmetodar

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhold

Målet med emnet er å utvikle studentane sin kunnskap i individ- og populasjonsøkologi, samfunnsøkologi, og økosystem- og bevaringsøkologi. Gjennom ein kombinasjon av prosjekt i felt og undervisning vil studentane få trening i å identifisere artar, og utvikle ei forståing av korleis artar er tilpassa miljøet dei lever i, kva krav dei stiller til miljøet og korleis artane påverkar og er avhengige av kvarandre. I tillegg vil nokon av dei spesielle utfordringane ein har med bevaring av biologisk mangfald i Norden bli presentert (truga artar og naturtypar, framande artar osb.). Vidare vil emnet innehalde ei innføring i vitskaplege metodar for datainnsamling i felt som blir brukt til å studere dei nemnde aspekta.

Emnet vil i tillegg til førelesningar innehalde praktisk undervisning i felt.

Du kan lese meir om korleis tidlegare studentar si forsking i BIO102 har gitt ny kunnskap om karbonlagring i naturen i Bergen her.

Læringsutbytte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

  • Forklare skilnadane og samanhengar mellom individøkologi, populasjonsøkologi, samfunnsøkologi, og økosystem.
  • Kunne beskrive biodiversiteten i eit område og diskutere kva for faktorar som påverkar biodiversiteten.
  • Kunne identifisere dei viktigaste faktorane som påverkar utbreiinga til artar globalt og lokalt, og diskutere korleis dette dannar vegetasjonssoner i terrestre og marine habitat.
  • Kunne beskrive, forstå og samanlikne dynamiske prosessar i populasjonar og samfunn over korte og lange tidsperioder.
  • Forstå og undersøke korleis artar påverkar kvarandre positivt og negativt.
  • Kunne forklare enkle biogeografiske mønstre, som til dømes likevektsmodellen for øybiogeografi.
  • Kjenne dei viktigaste miljøfaktorane for utbreiing av artar i Norden.
  • Kunne identifisere og gjere greie for dei ulike bioma og deira utbreiing i verda.
  • Kunne gjere greie for dei viktigaste trugslane mot det biologiske mangfaldet, i Norden spesielt og i verda generelt, og diskutere kva for verkemiddel ein nyttar i bevaringa av det biologiske mangfaldet.
  • Kjenne til biokjemiske syklusar (til dømes karbonsyklusen og nitrogensyklusen) og deira funksjon i havet og på land.

Ferdigheitar:

  • Kunne bruke biletegjenkjenningsverktøy og andre hjelpemidler for å identifisere artar.
  • Kjenne til ulike datainnsamlingsmetodar nytta i økologi, og kunne planlegge kva for metodar som skal nyttast til å svare på ulike vitskapelege spørsmål.
  • Kunne presentere vitskapeleg materiale både skriftleg og munnleg.
  • Kunne skrive ein vitskapeleg rapport etter IMRaD-strukturen.

Generell kompetanse:

  • Kunne vurdere påstandar ut frå den vitskapelege litteraturen på områder som er relevante.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og studentar med emnet som obligatorisk emne i utdanningsplanen sin blir prioritert dersom det er fleire søkjarar enn plassar. Påmelding til feltkurset i emnet skjer digitalt i vårsemesteret før ein skal ta emnet påfølgande haust (det blir sendt ut informasjon til alle studentane som har emnet i utdanningsplanen).

Undervisningssted

Bergen
Krav til forkunnskaper
Ingen
Anbefalte forkunnskaper
Studiepoengsreduksjon
BIO111 Zoologi (5 SP), BIO112 Botanikk (5 SP), BIO113 Mikrobiologi (5 SP).
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi. Studentar som har emnet som obligatorisk del av graden vil bli prioritert dersom det er fleire søkjarar enn plassar.
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesningar, feltkurs og gruppebasert prosjektarbeid
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på feltkurs og i gruppearbeid.

Feltkurset er i veke 34 og 35. Det er obligatorisk å delta på alle dagane på feltkurset. Kontakt instituttet på e-post: studie@bio.uib.no for spørsmål om feltkurset.

Obligatorisk undervisningsaktivitet er gyldig i 6 påfølgjande semester.

Eigenandel for deltaking på feltkurs

Studentar på emne som reiser på feltkurs med overnatting må sjølv dekke utgifter til mat og drikke under feltkurset. Av omsyn til reglar og krav om handtering av mat og hygiene må institutt for biovitskap kjøpe mat frå dei ulike overnattingsstadane og studentane kan ikkje ta med eigen mat. Instituttet står derfor for bestilling av mat for alle deltakarane på feltkurset. Studentar betalar ein sum på 100 kroner per døgn for dette. Instituttet dekker utgifter til felles busstransport og losji, i tillegg til kostnader for mat utover 100 kroner per døgn.

Studentar som køyrer eigen bil må melde i frå på e-post studie@bio.uib.no seinast 10 dagar før avreise. I e-posten må det stå kven som køyrer og kven som eventuelt er med som passasjerar i bilen. Instituttet dekker ikkje utgifter for privat transport.

Vurderingsformer

Mappeevaluering, består av fire ulike innleveringar/aktivitetar.

Alle aktivitetane er obligatoriske for alle studentane:

1) Artskunnskap: identifisere artar og skrive ein rapport. Det vil bli gitt meir informasjon om denne aktiviteten i slutten av vårsemesteret slik at studentane kan bruke sommaren på å samle inn artar (tel 25% på endeleg karakter).

2) Prosjektoppgåve (tema vil variere frå år til år): samarbeidsprosjekt der alle på gruppa skal delta i innsamling av data og skrive ein rapport (tel 25% på endeleg karakter).

3) Gjennomfør ein av dei tre aktivitetane lista opp under (tel 15% på endeleg karakter):

  • Karbonlagring og karbondynamikk "Karbon i Bergen"
  • Data på pollinering/reproduksjon frå feltkurs
  • Interaksjon mellom arter i strandsonen

4) Avsluttande skriftleg skuleeksamen (tel 35% på endeleg karakter).

Følgande informasjon om mappeevalueringa vil bli publisert på Mitt UiB og informert om på første førelesning:

  • Detaljert informasjon om korleis dei enkelte aktivitetane skal gjennomførast, korleis formatet på innleveringane er og kva innleveringsfrist dei har.
  • Rekkefølgje på innleveringane.
  • Kva kriteria som ligg til grunn for vurdering av innleveringane/aktivitetane som inngår i mappeevalueringa og mappa som heilskap.

Prosess og progresjon inngår ikkje i mappeevalueringa.

Dei ulike innleveringane/aktivitetane i mappeevalueringa er gyldige i 6 påfølgande semester.

Ny vurdering i emnet

Studentar som tidlegare har gjennomført BIO102 kan melde seg opp til ny vurdering i undervisningssemesteret (haust) og ta opp ei eller fleire delar av mappevurderinga. Delar som blir tatt opp igjen må leverast inn som nytt sjølvstendig arbeid og kan ikkje vere ei omskriving av tidlegare innleveringar. Til dømes må ny innlevering om artskunnskaper innehalde heilt nye arter enn tidlegare innleveringar. Den beste presentasjonen på kvar del i mappevurderinga blir brukt til å rekne ut ny karakter.

Studenter som tek opp igjen emnet følgjer vektinga av innleveringane fra det året dei opprinneleg tok emnet.

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Haust.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarlig
Programstyret har ansvar for det faglege innhaldet og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogramma og alle emna der.
Emneansvarlig
Administrativt ansvarlig
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emne og studieprogrammet.