Innføring i arabisk språkvitskap og dialektologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- ARA115
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk eller engelsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
ARA115 har som mål å introdusere studentane for problemstillingar og metodar i arabisk språkvitskap. Emnet hjelper studentane å skaffe seg eit solid grunnlag i ein arabisk dialekt (til dømes dialekt i Kairo eller Bagdad).
Emnet skal formidle forståing for språksituasjonen i dei arabisktalande landa, og måtane å løyse problema som oppstår mellom MSA og dialekt.
Emnet tar opp MSAs og dialektenes bruksområder og diskusjon om dialektenes sosiolingvistiske betyding. Emnet er ein obligatorisk del av spesialiseringa i arabisk.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
- Studenten har oversikt over alle hovudemne i arabisk språkvitskap og sosiolingvistikk.
- Studenten har grunnleggande innsikt i ei arabisk dialekt.
Ferdigheiter
- Studenten opparbeider seg tilstrekkelege ferdigheiter til å kunne ta for seg problemstillingar og metodar i arabisk språkvitskap.
- Studenten kan grunnleggande grammatikk av ei arabisk dialekt.
- Studenten kan forstå, omsetje og gjengi innhaldet i tilpassa autentiske tekstar på dialekt.
- Studenten kan analysere morfologisk og syntaktisk tilpasse autentiske tekstar på dialekt, og samanlikne dei med MSA tekstar.
- Studenten er i stand til å føre ein enkel samtale på ei arabisk dialekt.
- Studenten kan skrive eit sjølvstendig arbeid som formulerer, presenterer og analyserer relevante problemstillingar.
- Studenten kan bruke og reflektere over aktuell vitskapeleg litteratur
- Studenten kan transkribere både MSA og dialekt.
Generell kompetanse
- Studenten har eit solid grunnlag i ei arabisk dialekt.
- Studenten har kjennskap til problemstillingar og metodar i arabisk språkvitskap.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Det blir normalt gitt tre dobbeltimar førelesning i veka i tolv veker.
Til saman vil talet på kontakttimar bli om lag 72.
Emnet har tre komponentar:
Komponent 1, omlag 2 timar i veka, inneheld førelesingar i arabisk språkvitskap og dialektologi.
Komponent 2, om lag 2 timar i veka, inneheld ei innføring i ei arabisk dialekt (til dømes dialekta i Kairo eller Bagdad).
Komponent 3, om lag 2 timar i veka, inneheld munnleg standardarabisk og dialekt.
Undervisinga blir gitt i form av førelesingar, gruppeundervising og munnlege og skiftlege øvingar knytt til lærebøkene og digitale kjelder.
Det blir forventa at studentane deltar aktivt i undervisninga og bruker ca. 2-4 timar kvar dag på sjølvstudium.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisingstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisingsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
I emnet er det fire obligatoriske undervisningsaktivitetar: presentasjon, munnleg prøve, levere utkast til oppgave og krav om å møte til rettleiing etter innsending av utkast.
Presentasjon
Kvar student skal gjennomføre ein presentasjon av eit fagleg tema (pensumtekst eller liknande).
Munnleg prøve
Studentane skal gjennomføre ei munnleg prøve som inkluderer:
- presentasjon av eitt av pensumemna med utgangspunkt frå pensumtekstane i MSA
- å lese høgt frå Kullu Tamam og oversette eit kort utdrag
- gi kort grammatisk kommentar til understreka ord i teksten
- oversetting av teksten i dialekt til MSA med korte kommentarar.
Studenten får berre eitt forsøk til å ta den munnlege prøva. Den munnlege prøva vert vurdert til godkjent/ikkje godkjent.
Oppgave og rettleiing
I tillegg er det obligatorisk å levere eit utkast på minimum 500 ord av oppgåva til rettleiing, og å møte til ei rettleiing i løpet av semesteret.
Alle obligatoriske arbeidskrav må vere bestått i same semester. Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Lærebøker, digitale ressursar og læremateriale tilpassa kursopplegget. Cirka 260 sider frå læreboka i tillegg til digitale og elektroniske kjelder.
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for haustsemesteret og 1.desember for vårsemesteret.