Seks egenskaper du får på UiB
Mange jobber i samfunnet krever noen spesielle egenskaper. Mange av disse egenskapene utvikler du gjennom et universitetsstudium.
Er du utdanna tannlege, kan du ta spesialistutdanning i odontologi og styrke og utvide din teoretiske og kliniske kompetanse. Du kan velje mellom sju ulike fagområde å spesialisere deg i.
På dette studiet søker vi kontinuerleg etter den beste behandlinga basert på biologiske faktorar, tilgjengeleg teknologi og vitskapleg dokumenterte behandlingsmetodar.
Spesialistutdanninga
Utdanninga gjer deg i stand til å utføre komplisert behandling for pasientar, forankra i vitskapleg og tverrfagleg forståing. Samfunnet har behov for å tilby og vidareutvikle den beste, forskingsbaserte behandlinga til pasientane. Dette gjeld særleg i dei tilfella der allmenntannlegen sin kompetanse ikkje er tilstrekkeleg for å hjelpe pasienten. Studiet er del av ei nasjonal satsing på odontologisk kompetanseheving.
Du kan spesialisere deg i endodonti, kjeve- og ansiktsradiologi, kjeveortopedi, oral kirurgi og oral medisin, pedodonti, periodonti og protetikk.
På spesialistutdanninga får du implementere og fordjupe deg i avanserte kliniske teknikkar i eit tverrfagleg og stimulerande miljø. Du får tett oppfølging av både vitskaplege og kliniske rettleiarar, og du kan bli medlem i ei forskargruppe.
Tidlegare studentar har sett pris på den store nytteverdien og det tverrfaglege miljøet med gode samarbeidspartnarar.
Studiet er lagt opp av klinisk pasientbehandling, seminar, praktiske øvingar, kurs og sjølvstudium. Det meste er obligatorisk, og du må rekne med fulle dagar, om lag 35 timar i veka. Litteraturen og undervisninga er på skandinaviske språk og engelsk.
Under studiet er det obligatorisk å nytte klinikkarbeidstøy med korte ermer. Les meir på nettsida til Institutt for klinisk odontologi (IKO).
Spesialistutdanninga leier til offentleg spesialistgodkjenning som tannlege i ditt fagområde. Det er behov for spesialistar i odontologi i både privat og offentleg sektor.
Andre aktuelle karrierevegar er
Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.
Opptakskrava til studiet er bestått odontologisk grunnutdanning, oppfylling av språkkrava i norsk/skandinavisk og engelsk, norsk autorisasjon som tannlege og
minimum to års erfaring på fulltid frå allmennpraksis i eit nordisk land på tidspunktet du søker.
Undervisningsspråk: Norsk og engelsk
Spesialistutdanninga i odontologi er eit treårig fulltidsstudium på 180 studiepoeng med oppstart i august og januar.
Praksis
Det aller meste av klinisk trening og praksis blir utført ved Spesialistklinikken ved IKO, klinikk for oral kirurgi og oral medisin, klinikk for kjeveortopedi, klinikk for kjeve- og ansiktsradiologi og Tannhelsetjenestens kompetansesenter Hordaland. Noko av det kliniske arbeidet kan du utføre ved andre institusjonar, som Haukeland universitetssjukehus (HUS) og regionale odontologiske kompetansesenter (ROK) som er godkjent av instituttet.
Spesialistoppgåve
Du skal skrive ei spesialistoppgåve basert på eiga forsking eller litteraturstudium som du arbeider med parallelt gjennom heile studiet. Totalt er den anslått til å ta eitt semester å skrive. Du får ein vitskapleg rettleiar ved studiestart, og saman avklarar de tema for oppgåva. Du kan skrive oppgåva i samarbeid med andre institutt eller ROK.
Studentane nyttar klinikkarbeidstøy under arbeid, både i Ferdigheitssenteret og i klinikkane.
Klinikkarbeidstøyet består av klinikkbukser og korterma kittel for å sikre adekvat handhygiene. Religiøse hovudplagg som nyttast i klinikken, sjåast som arbeidstøy, og skal følgje reglene for arbeidstøy.
Alt arbeidstøy eigast av Odontologisk Universitetsklinikk og vert lånt ut til studentane.
Sjå meir informasjon om smittevernpraksis ved Odontologisk Universitetsklinikk, UiB.
Spesialiseringar i denne graden.
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på dette studiet.
Du kan gå vidare med ph.d.-studium og ta ein doktorgrad.
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.