Kunstige agentar

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Kunstig intelligens kan definerast som eit felt som gjer analyse og syntese av intelligent atferd til kunstige digitale agentar. Dette kurset fokuserer på "agent" som eit digitalt omgrep  og gjev ei innføring i korleis omgrepet vert sett på og nytta innan kunstig intelligens, inkludert moralske sider, samarbeid og konkurranse mellom kunstige og naturlege agentar.

Kurset dekkjer eit utval av følgjande tema: modellering av agentar, programmering av agentar, autonom agent-arkitektur, introduksjon til multi-agent-system (MAS), kontrollsystem og grunnleggjande robotikk. Dei praktiske aspekta av kurset dreier seg om agentprogrammering.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • Kan beskrive og formelt definere omgrepa kunstig agent og multi-agent-system
  • Kan identifisere dei kognitive aspekta ved robotikk
  • Kan liste opp ulike tilnærmingar til formell spesifikasjon av kunstige agentar

Dugleikar

Studenten

  • Kan implementere høgnivå-atferd til agentar og agent-interaksjon i eit system

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
INFO132, eller INF100 eller tilsvarande (til dømes DATA110)
Tilrådde forkunnskapar
Studentane bør ta INFO104/MNF130 i same semester eller før.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett

Emnet er åpent for studenter med studierett på UiB.

Emnet har 60 studieplassar og opptak skjer etter søknad i StudentWeb.

Studentar på bachelorprogrammet i kunstig intelligens er garantert plass, studentar ved bachelorprogrammet i media- og interaksjonsdesign er prioritert til de resterende plassene.

Ved fleire søkjarar enn plassar vert studentane rangert etter snittkarakterer.

Søknadsfrist er mandag uke 2.

Du får svar på om du har fått plass på emnet seinast torsdag samme uke som fristen.

Arbeids- og undervisningsformer
Førelesingar, labøvingar, oppgåveløysing, programmeringsøvingar, normalt 2 timar førelesing og 4 timar datalab i 14 til 16 veker.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Obligatoriske innleveringar av seminaroppgåver, som må gjerast i undervisningssemesteret og  80% av dei godkjennast.
  • Obligatorisk deltaking: Oppmøte på forelesingar, lab- og seminargrupper (minst 75%).
  • Vurderingsformer

    4 timar skriftleg eksamen

    Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet.

    Eksamenssvaret skal leverast på same språk som eksamensoppgåva.

    Karakterskala
    Karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
    Vurderingssemester

    Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

    Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.

    Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:

    • Legeattest/gyldig fravær
    • Avbrudd under eksamen
    • Stryk/ikke bestått

    Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær, kan du etter 15. januar/1. august melde deg opp selv i studentweb.

    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
    Hjelpemiddel til eksamen
    Ingen
    Programansvarleg
    Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der. 
    Administrativt ansvarleg
    Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet.