Anvendt økonometri
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- ECON244
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet tar opp ulike tema innanfor økonometri og empirisk medote med spesiell fokus på regresjonsanalyse. Studentane blir trena i empirisk analyse og bruk av data som støtte for avgjersler. Innhenting, analyse og tolking av økonomiske data står i fokus.
Emnet dekkjer tema som ikkje-parametrisk statistikk, lineær og ikkje-lineær regresjon med ein og fleire variablar, hypotesetesting av statistiske størrelsar, samt prognosar med tidsseriemodellar. Emnet vil også dekke tema som validitet, målefeil, utelatne variablar og seleksjonsskjeivheit, og i detalj diskutera kausalitetsbegrepet i empiriske analysar. Det vert utstrakt bruk av statistikkpakkar til innhenting og tilrettelegging av data, estimering og simulering, samt presentasjon av data med tabellar og figurar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
- Har grunnleggjande kunnskap om hypotesetesting og statistiske størrelsar
- Har inngåande kjennskap til regresjonsmodellar og tolking av resultata frå desse
- Har inngåande kjennskap om programvare for analyse av data
- Har kunnskap om seleksjon, utelatte variabler, målefeil og kausalitetsomgrepet
- Har kunnskap om ulike typer data brukt i regresjonsanalysar
- Har kunnskap om ulike måtar å visualisere data på og tolke grafiske presentasjonar
Ferdigheiter
- Grunngje val av økonometrisk metode som passar best i ein realistisk problemstilling, for deretter å gjere bruk av metoden
- Kunne innhente ulike typer data og lage deskriptiv statistikk ved hjelp av både numeriske og grafiske metodar, i aktuell programvare
- Skilje mellom korrelasjon og kausalitet i empiriske problemstillingar ved bruk av regresjonsmodellar
- Tolke og presist beskrive resultatet av ein økonometrisk analyse
- Bygge ein empirisk modell ved hjelp av variable og funksjonell form for å kunne løyse bestemte problem
- Identifisere enkle tidsrekkemodellar og lage prognoser både med regresjonsanalyse og grafiske verktøy
Kompetanse
- Kunne tolke og kritisk vurdere ein empirisk analyse basert på økonometriske metoder
- Kjenne ulike data for empirisk analyse
- Være i stand til å lese og forstå prosjektrapportar og forskingsartiklar som brukar metodane i emnet
- Kjenne igjen empirisk argumentasjon i samfunnsdebatten og nyhetsbildet, og kritisere metodevalg, utførelse og fortolkning
- Ha ein god bakgrunn for å gjera meir avanserte analyser seinare i studiet
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
To godkjende innleveringsoppgåver.
Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
I dette emnet tilbys ordinær eksamen i undervisningssemesteret.
Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.
Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:
- Legeattest/gyldig fravær
- Avbrudd under eksamen
- Stryk/ikke bestått
Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær, kan du etter 15. januar melde deg opp selv i studentweb.
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.