Bedriftsøkonomi for samfunnsøkonomar
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- ECON263
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Formålet med emnet er å gi ei innføring i sentrale bedriftsøkonomiske omgrep og analyseverktøy. Del 1 av emnet gir ei innføring i finans- og driftsrekneskap, samt budsjettering-, likviditet- og kontrollsystem. Del 2 av emnet gir ei innføring i ulike teoretiske og empiriske metodar for optimal bedriftsåtferd, inkludert grunnleggjande finansiell økonomi, strategi, marknadsføring, og økonomisk styring. Del 1 blir forelese på norsk, og del 2 blir forelese på engelsk.
Innhald:
Bedriftsøkonomi handlar om korleis bedrifta koordinerer bruk av knappe ressursar for å oppnå høgast mogeleg verdiskaping. Bedriftsøkonomi omfattar blant anna finansiell økonomi, marknadsføring, rekneskap og revisjon, strategi, og økonomisk styring.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskap
Studenten
- Har forståing for sentrale omgrep innan bedriftsøkonomi.
- Har grunnleggjande kjennskap til rekneskap- og skattereglar i Noreg, inkludert NRS (Norsk Rekneskapsstandard) og IFRS (International Financial Reporting Standards)
- Forstår grunnleggjande føresetnader og svakheiter ved tradisjonell kalkulasjon.
- Har innsikt i optimalt design av internpriser
- Har kjennskap til verdsetjingsmetodar innan finans
- Har kjennskap til korleis finansiering og kapitalstruktur påverkar lønsemda til bedrifter
- Forstår metodar for å evaluere effekten av rekneskapsframlegging på aksjepris.
- Har kjennskap til korleis bransjefaktorar og konkurransefortrinn driv skilnader i lønsemd mellom ulike bedrifter
- Har kjennskap til skilnaden mellom mellombels og varige konkurransefortrinn
- Har kjennskap til korleis bedrifter utviklar varige konkurransefortrinn
- Har kjennskap til grunnleggjande marknadsføring, inkludert posisjonering og marknadssegmentering, samt korleis etterspørselselastisitet, komplement og substitutt påverkar optimal bedriftsåtferd
- Har kjennskap til metodar og teoriar for økonomisk styring (management control)
- Har kjennskap til optimeringsteknikkar for produksjon- og logistikksystem.
Ferdigheiter
Studenten
- Kan utføre enkle bedriftsøkonomiske analysar
- Kan tolke sentrale storleikar i finans- og driftsrekneskapen
- Kan utarbeide og tolke ulike internrekneskap
- Kan estimere parametrar som inngår i internrekneskap
- Kan evaluere lønsemda av investeringar
- Kan evaluere korleis komplement og substitutt påverkar lønsemda til bedrifta
- Kan evaluere korleis flaskehalsar påverkar høvet til produksjon
- Kan utføre enkle analysar av marknadssegmentering og posisjonering
- Kan rekne ut optimale internprisar for ein gitt kostnadsstruktur
- Har trening i å utvikle strategi for enskildbedrifter, samt å uttrykke seg skriftleg om denne strategien
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei skriftleg innlevering (ITØK: 3 innleveringar). Det blir oppfordra til arbeid i gruppe, men kvar student må levere eit individuelt svar. Oppgåvene blir vurdert til godkjent/ikkje godkjent.
Obligatorisk oppgåve som ikkje blir godkjent på første forsøk, kan leverast på nytt. For å kunna levera på nytt, må første forsøk vera utfyllande, det vil seie at studenten må ha gjort eit forsøk på å svara på størsteparten av oppgåva.
Obligatoriske arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen
Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
I dette emnet tilbys ordinær eksamen i undervisningssemesteret.
Det arrangeres kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær etter UiBs studieforskrift § 5-5.
Dersom det arrangeres kontinuasjonseksamen, er dette tilgjengelig for studenter med følgende resultat/fravær:
- Legeattest/gyldig fravær
- Avbrudd under eksamen
- Stryk/ikke bestått
Dersom du har rett til å ta kontinuasjonseksamen og det blir arrangert kontinuasjonseksamen for studenter med gyldig fravær, kan du etter 15. januar/1. august melde deg opp selv i studentweb.
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
- Matematisk formelsamling av K Sydsæter, A. Strøm og P. Berck eller Mathematical Formulas for Economists of B. Luderer, V. Nollau and K. Vetters.
- Enkel, ikkje-programmerbar kalkulatorar utan grafisk display i samsvar med universitetets reglar.
- Ordbok forhåndsgodkjent av fakultetet
Institutt for økonomi kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.