Engelskspråkleg litteratur og kultur I

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

I engelskspråkleg litteratur og kultur på 200-nivå tek studentane det same kurset som anten ENG226 (skoleeksamen) eller ENG266 (semesteroppgåve).

Emnet gir ei kritisk og teoretisk innføring i engelskspråkleg litteratur, eller i eit kulturrelatert tema. Kurset fokuserer på ein periode eller sjanger i engelskspråkleg litteratur, eller på eit litterært, kulturrelatert eller interdisiplinært tema.

Studiet skal gi utvida kunnskap om litteraturen og/eller kulturen i engelskspråklege land, og øve opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur. Studiet skal òg gjera studentane gode i skriftleg og munnleg engelsk.

Studentar med spesialisering i litteratur tek i tillegg til ENG226, emnet ENG268 (semesteroppgåve i engelskspråkleg litteratur og kultur)

Læringsutbyte

Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har tileigna seg utvida kunnskap om dei trekka som kjenneteiknar den litteraturen og/eller kulturen studiet fokuserer på
  • har ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur generelt

Ferdigheiter

Studenten

  • er i stand til å reflektere kring dei teoretiske spørsmåla studiet reiser

Generell kompetanse

Studenten

  • kan uttrykkje seg akademisk korrekt på skriftleg og munnleg engelsk

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav til forkunnskapar, men sjå "Tilrådde forkunnskapar".
Tilrådde forkunnskapar

Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet og ENG110 (eller ENG114, ENG115), og ENG120 (eller 107, ENG108/118, ENG109/119), ENG122 og ENG125 eller tilsvarande.

For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 eller høgre i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages.

Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlap kan ein ikkje få utelling for både ENG226 og ENG266.
Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

For exchange students: Applicants have to document English language proficiency to access the course. Students should hold a level of C1 in the Common European Framework of Reference for Language (CEFR). For valid tests, please see uib.no/exchange.

Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: opp til 24 timar (normalt 2 timar i veka i 12 veker).

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk frammøte. Studentane må vere til stades på minst 80% av seminarundervisninga.

For å kunne ta eksamen må studentane gjere ferdig og bestå to ulike obligatoriske arbeidskrav i tilknyting til seminara. Disse vil vere ein kombinasjon av individuell munnleg presentasjon, og/eller ein munnleg presentasjon i grupper på to eller tre studentar, og/eller respons på slik munnleg presentasjon, og/eller eit kort skriftleg arbeid i seminaret med «peer review», og/eller innleveringar av korte skriftlege arbeid på 300 ord, og/eller leing av diskusjonar i seminara. Den eksakte kombinasjonen og fristar som gjeld vert annonsert på Mitt UiB i byrjinga av semesteret. Alle obligatoriske arbeidskrav må gjennomførast i same semester.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Eksamen er ein skriftleg fire timars skoleeksamen.

Skoleeksamen kan bli digital.

Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Det er og vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav. Det er anbefalt at studentar fullfører vurdering i det same semesteret dei følger undervisning.
Litteraturliste

Pensumet kan omfatte litterære tekstar, sakprosatekstar og teoretiske tekstar.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.
Programansvarleg
Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for engelsk.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.