Kjemisk syntese og analyse
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- FARM124
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk/Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gi en innføring og oversikt over grunnleggande metodar og prosedyrar for syntese og analyse av organiske og uorganiske sambindingar ved bruk av utstyr i mikro- og halvmikroskala. I laboratoriekurset vert eit utval av kjemiske reaksjonar som er nytta i samband med syntese av viktige organiske og uorganiske sambindingar utført.
Innhald:
Emnet skal vise korleis kjemiske reaksjonar dannar basis for industriell verksemd som til dømes farmasøytisk industri, matvareindustri, dyrehelse, elektronikk, "flavour & fragrance" og andre industriar basert på finkjemikalium.
Laboratoriekurset gir ein kunnskapsbasert illustrativ gjennomgang av trendar og reaksjonstypar, frå dei tidlege kjemiske elementa og til d-metallkompleks.
Emnet vil gje ei enkel innføring i bruk av kvalitative analyser samt spektroskopiske metodar som infrarød- (IR), ultrafiolett-synleg (UV-Vis) og kjernemagnetisk resonans (NMR) spektroskopi for strukturanalyse av kjemiske sambindingar.
Eksperimentelt laboratoriearbeid med moderne syntetiske reaksjonar vil illustrere kva syntetisk kjemi betyr for samfunnet. Laboratoriekurset gir ei grundig innføring i korleis eksperimentelle resultat blir samanfatta i ein laboratorierapport og korleis ein arbeider i samsvar med dei grunnleggjande reglane for helse, miljø og tryggleik for arbeid på laboratorium i syntetisk kjemi.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har grunnleggjande kunnskapar i å utføre syntese av organiske og uorganiske sambindingar i laboratorieskala
- har grunnleggjande kunnskapar i å isolere og reinse kjemisk framstilte sambindingar
- har grunnleggjande kunnskapar i å karakterisera kjemisk framstilte sambindingar ved bruk spektroskopiske metodar, som for eksempel ultrafiolett (UV), infrarød- (IR) og kjernemagnetisk resonans (NMR) spektroskopi
Ferdigheiter
Studenten
- kan utføre ei kjemisk syntese i laboratorieskala
- kan utarbeide flytskjema til bruk i å identifisere kritiske/avgjerande punkt i ein synteseprosedyre
- kan utarbeid reaksjonsskjema ved hjelp av egna programvare
- kan bruke relevante teoriar, eksperimentelle metodar og analyseverktøy for identifisering, kvantifisering og enkel strukturoppklaring av kjemiske sambindingar
- har grunnleggande ferdigheter i isolering og oppreining av synteseprodukt
- kan gjennomføre ei avgrensa undersøking av eit kjemisk problem på ein vitskapeleg måte og analysere og tolke resultata i lys av relevant teori
Generell kompetanse
Studenten
- har ferdigheter og kunnskapar om HMS i kjemisk laboratorium
- kan formulere hypotesar og vurdere dei i lys av eksperimentelle resultat
- kan konkretisere og verifisere teoretisk kunnskap ved hjelp av eksperiment
- kan arbeide praktisk i laboratoriet, både sjølvstendig og i gruppe (par)
- kan dokumentere og formidle dei oppnådde resultata frå laboratoriearbeid gjennom rapportskriving
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisning blir gitt i form av forelesinger, work-shop og laboratoriearbeid.
Forelesninger, 2-4 timer i uken i 8 veker.
Laboratoriearbeid, 6 timer i veka i 8 veker.
Workshop 2 timer.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk oppmøte på utvalde forelesingar (HMS, rapportskriving) og alle laboratorieøvingar.
Elektronisk innlevering av laboratoriejournal (8 av 8).
Obligatoriske innleveringar av tilfredsstillande kvalitet må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjente (minst 6 av 8 laboratorierapportar må være godkjente, inkludert minst én laboratorierapport) for å få bestått avsluttande mappeevaluering.
Obligatoriske innleveringar skal vere eige arbeid.
Godkjent HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjent HMS-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på nettsida: www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs.
Grove brot på HMS-reglar vil føre til at ein misser retten til å fullføre laboratoriekurset.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer.
Mappeevaluering
Karakterskala
Bestått/ikke bestått
Evaluering foregår kun i undervisningssemesteret.