Epistemologi
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- FIL247
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk eller engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Kunnskap:
Etter fullført emne skal studenten ha:
- utdjupande kjennskap til viktige grunnomgrep, argument og posisjonar i ein eller fleire forskingsområde i epistemologi.
Dugleik:
Etter fullført emne skal studenten kunne:
- identifisere, analysere og formidle sentrale problemstillingar, posisjonar og argument i eitt eller fleire forskingsområde i epistemologi
- identifisere sterke og svake sider ved sentrale posisjonar i eitt eller fleire forskingsområde i epistemologi
- forstå i hovudtrekk aktuelle bidrag i eitt eller fleire forskingsområde i epistemologi
Kompetanse:
Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til:
- vidare studiar i epistemologi, t.d. på masternivå.
Emnet kan inngå i ein bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan òg vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.
Rettleiing av oppgåve: rettleiing er eit frivillig tilbod og kan førekomme individuelt eller i grupper.
Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.
Innlevering av eitt oppgåvesvar på 900-1200 ord. Oppgåva blir gitt av faglærar. Innleveringsfrist blir sett av instituttet. Svaret må vere godkjent for at ein skal kunne gå opp til eksamen.
Bestått breiddetest
Vurderingsformer
Ei semesteroppgåve på mellom 3000 og 5000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva skal leverast digitalt og blir sensurert ved slutten av semesteret.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Vurdering i eit semester utan undervisning følger pensumet førre semester emnet hadde undervisning.
Karakterskala
Vurderingssemester
Haust/Vår
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.