Språkleg særemne
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- FRAN307
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Fransk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
- har god innsikt i teoretisk basis og metodiske innfallsvinklar for det feltet som er blitt gjennomgått
- har kjennskap til nyare forsking innan dette feltet
Dugleik
Studenten
- er i stand til å gje undervisning i temaet emnet omhandlar
- kan drive forsking og anna fagleg utviklingsarbeid som gjeld temaet emnet omhandlar
Generell kompetanse
Studenten
- har overblikk over det temaet som er gjennomgått, slik at han/ho kan representera fagfeltet i tverrfaglege og internasjonale samanhengar
- kan planleggja og gjennomføra arbeidsoppgåver som strekkjer seg over ei viss tid
- kan sjølvstendig halda fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Det blir gjeve 2 timar førelesningar/seminar per veka i om lag 12 veker.
Det vert brukt arbeids- og undervisningsformer som leggjer til rette for studentaktivitet, til dømes problembasert læring der studentane må finne løysingar saman med ein eller fleire medstudentar. Dersom ressursane tillèt det, blir det halde seminarundervisning i mindre grupper - kombinert med tilbakemelding frå undervisar og/eller medstudentar.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet til dømes ved at førelesingar vert erstatta av seminar eller individuelt tilpassa undervisningsopplegg. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Det kan også bli noko felles fjernundervisning for studentar i NORPART-masterløpet.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentane skal i løpet av dei 7 første førelesingsvekene ha fått godkjent eit munnleg innlegg (ca. 15 minutt) knytt til pensum i emnet. Manuskriptet til innlegget skal leverast samstundes med innlegget.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Vurderingsformer
Ei fire vekers skriftleg semesteroppgåve på om lag 4000 ord.
Studentane vil få tilbod om eitt rettleiingsmøte i løpet av eksamensperioden.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum i språkleg fordjuping er på om lag 200 sider.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.