Introduksjon til atmosfære, hav og klima

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål
Emnet gjev ei innføring i dei mest sentrale emna i meteorologi, oseanografi og klima med vekt på ei kvalitativ forklaring av dei fysiske prosessane.

Innhald
Emnet gjennomgår fysiske og kjemiske eigenskapar ved atmosfæren og havet og korleis dei påverkar kvarandre. Emnet gjev vidare ei innføring i kva krefter som er årsak til sirkulasjonen i havet og atmosfæren og ein gjennomgang av globale vêrsystem og havstraumar. Studentane vil få ei innføring i dei viktigaste energiformene og korleis energi vert transportert i luft og vatn. Viktige prosessar som til dømes danning av skyer og nedbør, tidevatn og bølgjefenomen vert gjennomgått. Grunnleggjande variasjonar og endringar i klima på ulike tidsskalaer vert og gjennomgått. I gruppeøvingane vert det lagt vekt på ei praktisk innføring i geofysisk dataanalyse ved hjelp av eit moderne programmeringsspråk. Ingen forkunnskapar i programmering er naudsynt.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om den kjemiske og fysiske samansetjinga til atmosfæren og havet.
  • har grunnleggjande kunnskap om energiformer og transport av energi i og mellom is, hav og luft
  • har kjennskap til den hydrologiske syklusen og faseovergangane til vatn
  • kjenner til prinsippa for tidevatn og ulike bølgjefenomen.
  • kan gjengi grunnleggjande prinsipp for danninga av sirkulasjon i atmosfæren og havet.
  • kjenner til sentrale vêrsystem og havstraumar på jorda
  • har oversikt over naturlege klimavariasjonar og menneskeskapte klimaforandringar
  • kjenner til ulike typar forureining i luft og hav

Ferdigheiter

Studenten

  • kan forstå og nytte grunnleggjande fagterminologi og uttrykksformer
  • kan finne, vurdere og vise til vitskapeleg informasjon
  • kan formidle grunnleggjande fagstoff
  • kan framstille vitskapleg informasjon skriftleg og munnleg slik at det belyser ei problemstilling
  • kan lage dataprogrammer for enkle geofysiske utrekningar og visualisering av geofysiske data

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i fagets relevans for samfunnet
  • har evne til refleksjon og kritisk tenking omkring faglege spørsmål
  • kan planlegge og gjennomføre vitskapleg informasjonsinnhenting

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust. Emnet inngår i undervisningsopptaket. Meir informasjon: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Frist for å melde seg til undervising i emnet er torsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast tysdag i veke 34.

Tidspunkt for første forelesing finn du i timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB. Det er obligatorisk oppmøte på første førelesning.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Matematikk R1+R2 eller MAT111 (kan også lesast parallelt).
Tilrådde forkunnskapar
Fysikk 1+2 eller PHYS101.
Studiepoengsreduksjon
GEOF120 5 stp., GEOF130 5 stp., GEO113 5 stp.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Fakultet for naturvitskap og teknologi www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og kollokvier/øvingar per veke.

Her inngår opplæring i bruk av biblioteksressursar og praktisk dataanalyse ved hjelp av eit moderne programmeringsspråk.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer

Mappevurdering. Mappa består av

  • Semesteroppgåve som tel 30% av sluttkarakteren
  • Skriftleg slutteksamen, 4 timar tel 70 % av sluttkarakteren.

Semesteroppgåva er gyldig i semesteret den vert levert og i eitt påfølgjande semester.

Poengsummar frå delvurderingane vert rekna saman for å bestemme sluttkarakteren i emnet.

Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 1. juli for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Enkel kalkulator tillate, i samsvar med modellar gitt i fakultetet sine reglar.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna. der.
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt studiekonsulenten på instituttet studierettleiar@gfi.uib.no.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologiet ved Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.