Feltkurs i kvartærgeologi og paleoklima
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- GEOV225
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Målet med emnet er at studenten skal kunne gjennomføre ei sjølvstendig kvartærgeologisk feltundersøking, utarbeide eit kvartærgeologisk kart og skrive ein avsluttande rapport og notisbok frå feltundersøkingane.
Innhald:
Ulike tema frå pensumlitteraturen til emnet dannar grunnlag for ein individuell temarapport som vert presentert av studentane på eit eige seminar før avreise. Under feltkurset vert det gjeve ei innføring i kvartærgeologiske feltmetodar og kartleggingsteknikkar. Første og siste del av feltkurset består av ekskursjon til utvalde kvartærgeologiske lokalitetar i Nordfjord, Gudbrandsdalen og Østerdalen. På nokre av lokalitetane utfører studentane sjølvstendige undersøkingar enten individuelt eller i grupper.
Studentane skriv individuelle dagboksrapportar frå ekskursjonsdagane om nøkkelnettstsder. Under kartleggingsdelen vert studentane delt inn i mindre grupper som utarbeider kvartærgeologiske kart over utvalde område. Kvartærgeologiske avsetningar vert beskrive og deira danning vert diskutert og tolka. Kartleggingsdelen (3 dagar) dannar grunnlag for ein gruppevis rapport som vert innlevert mot slutten av feltkurset. Den individuell temarapporten og muntlig prøve, gruppevise rapporten og kart, og individuell feltdagbok dannar saman med grunnlag for om studenten består emnet eller ikkje.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan forklare sentrale glasialgeologiske omgrep og definisjonar
- kan forklare korleis temperaturregime (polar/temperert) i breen innverkar på erosjons- og avsetningsformer
- kan forklare korleis småskala erosjons- og avsetningsformer er danna
- kan forklare korleis glasiale landformer er danna
- kan forklare danningsmåte og klassifikasjon av glasiale avsetningsformer
- kan forklare korleis smeltevassavsetningar kan nyttast til å rekonstruere innlandsiser
- kan forklare korleis ein kan rekonstruere flaumar attende i tid
- har kunnskapar om kvartærgeologien og einskildlokalitetar i områda som ein besøker under feltkurset
Ferdigheiter
Studenten kan
- gjere sjølvstendige feltobservasjonar
- kjenne att geologiske prosessar og glasialgeologiske erosjons- og akkumulasjonsformer
- kjenne att område innverka av polare og tempererte brear og innlandsisar
- beskrive og tolke glasiale erosjons- og avsetningsformer i felt
- skrive individuell feltdagbok
- utarbeide og rapportere feltdata skriftleg og munnleg og framstille data grafisk
- grunngje tolkingar
- utarbeide eit kvartærgeologisk kart etter ein oppgjeven standard
- tolke grafar og figurar
- gjennomføre søk etter relevant litteratur, samt referere til litteratur og setje opp referanse-/litteraturliste
Generell kompetanse
Studenten kan
- bruke eit presist geologisk fagspråk til å beskrive og diskutere geologiske prosessar og hendingar
- erkjenne, vurdere og kommunisere menneska si rolle i, vår uavhengigheit av og innverknad på geosystemet
- demonstrere evne til å fungere individuelt og etisk saman med andre
- gjennomføre feltarbeid på ekskursjonen i samsvar med GEO/UiB sine HMS-retningsliner
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Vår
Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Undervisningsstad
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer, mappevurdering:
- Individuell temarapport og munnleg prøve før feltkurs
- Gruppe vurdering feltrapport og kart
- Individuell feltdagbok