Anvendt seismologi
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- GEOV355
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk, engelsk ved behov
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Kurset presenterar grunnleggjande konsept ved anvendt jordskjelvseismologi. Metodane og problemstillingane som vert presentert er og relevante for studentar interessert i jordas struktur og jordskjelvfysikk. Studentane vil få ei djupare forståing for metodar som modellering og inversjon gjennom dei tema som vert diskuterte innan jordskjelvseismologi.
Innhald:
Emnet gjev ein introduksjon i praktiske metodar innan jordskjelvseismologi, herunder også kjelde, bølgebanar og mottakarar. Som eit utgangspunkt vert nokre generelle konsept innan jordskjelvseismologi og forbindelser mot samfunnet diskutert. Emnet gjev ein introduksjon til seismisk instrumentering og brukar seismometeret som eit eksempel på ein dempa oscillator. Deretter gjennomgås jordss struktur og seismiske bølgefaser som vert observerte på lokal og global skala. Forskjellege sider ved kjelda til jordskjelv vert presentert, herunder også kildemekanismen. Ein gjennomgår konseptet med modellering av seismiske bølgjer og momenttensor inversjon. I tillegg til forkastningsgeometri vil emnet også omhandle dei dynamiske eigenskapene som er relaterte til forkastningsbevegelsen. Eit anna viktig tema i seismologi er jordskjelvlokalisering, som vert behandla som eit klassisk inversjonsproblem. Emnet vert avslutta med ein gjennomgang av seismisk demping.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten kan
- forklare generelle konsept innan jordskjelvseismologi og deira forbindelse til samfunnet
- beskrive kjelda, bølgjebana og mottakar som hovuddelane i seismologi
- demonstrere korleis jordskjelvmekanismen vert utleia frå bølgjeformdata
- diskutera korleis observasjon av jordskjelv kan føra til betre modellar av jorda
- presentera dei grunnleggjande faktorane ved seismisk demping
- forklare matematikken bak teorien og tilnærmingane som vert presenterte
Ferdigheiter
Studenten kan
- utgreie ulike delar av inverse problem i jordskjelvseismologi
- forstå vitskaplege artiklar i jordskjelvseismologi og oppsummere innhaldet
- vurdere kvaliteten av jordskjelvseismologiske resultat
- gjera valg mellom ulike metodar og tilnærmingar i jordskjelvseismologi
Generell kompetanse
Studenten kan
- presentere grunnleggjande konsept innan jordskjelvseismologi til ein som er ukjend med temaet
- skrive vitskaplege rapportar og presentere resultat
- diskutere vitskaplege tema
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Instituttet kan vurdere fritak fra forkunnskapskravet ved søknad. Kontakt studiekonsulenten på Instituttet
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
10 sp overlapp med GEOF270 og GEOF370
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Begge deler må vere bestått for å få endeleg vurdering i emnet.
Digital eksamen, sjå www.uib.no/student/86719/digital-vurdering-studenter.