Kvantitative forskningsmetodar og -tradisjonar

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Studentane skal gjennom emnet få inngåande kunnskap om ulike kvantitative forskingsmetodar brukt i helsefagleg forsking. Kunnskapen skal danne grunnlag for val av forskingsdesign og metode som er egna til forskingsspørsmålet i masteroppgåva. Emnet skal bidra til utvikling av ein analytisk haldning og sjølvstende i skriftleg arbeid med tanke på kunnskap om metode og metodebruk.

Innhald:

Emnet dekkjer forskingsmetodiske tilnærmingar i observasjonsstudier og eksperimentelle studier samt statistikk, og kva for studiedesign som er egna til å svare på ulike forskingsspørsmål. Studentane skal lære om kjenneteikn, styrker og svakheiter ved dei ulike studiedesigna og kva for assosiasjonsmål som vert brukt. I tillegg skal emnet gi kunnskap om grunnleggande omgrep som validitet og reliabilitet innan vitskaplege metodar og forholdet mellom kausale og statistiske assosiasjonar.

Studentane skal vidare lære om metodar for å skildre eit datasett gjennom tabellar, grafar og oppsummerande statistikk; normalfordeling og binomisk fordeling; utval og populasjon; hypotesetesting, p-verdi og konfidensinterval og statistisk styrke og utvalsstorleik.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten har:

  • inngåande kunnskap om ulike kvantitative forskingsdesign og metodar, og kva for type kunnskap desse er eigna til å bringe fram
  • inngåande kunnskap om ulike former for bias som begrensar studiars validitet og reliabilitet

Ferdigheiter

Studenten kan:

  • utforme, grunngi og kritisk vurdere kvantitative forskingsdesign i høve til aktuelle problemstillingar
  • orientere seg om tidlegare forsking i eit problemfelt og utvikle forskbare problemstillingar med utgangspunkt i eksisterande forsking
  • utføre og tolke statistiske analyser
  • vise at ein forstår føresetnader for generalisering av resultat og prinsippet for ein statistisk test

Generell kompetanse

Studenten kan:

  • reflektere over metodebruk
  • sjølvstendig nytte sine kunnskapar om metodiske framgangsmåtar i planlegging og gjennomføring av kvantitative forskingsprosjekt
  • vise evne til kritisk refleksjon over eiga rolle og posisjon som forskar i kunnskapsproduksjonen

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon

HELSAM305 overlapper med:

Krav til studierett
Studentar ved Masterprogram i helse og samfunn
Arbeids- og undervisningsformer
  • Førelesingar med studentførebuande og studentaktiviserande element
  • Seminar
  • Gruppearbeid
  • Sjølvstudium
  • Det forventast at alle studentar møter opp og deltar aktivt i undervisninga. Kvar student har ansvar for eigen læring og for å bidra til gruppas læringsmiljø.

    Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Innlevering av skriftleg utkast til prosjektplan
  • Skriftleg tilbakemelding til medstudent(er)
  • Deltaking på seminar
  • Munnlege presentasjonar av prosjektplan
  • Innlevering av statistikkoppgaver
  • Gjennomføre digitalt kurs om personvern
  • Godkjende obligatoriske aktivitetar er gyldige i tre semester.

    Vurderingsformer
  • Skriftleg individuell oppgåve (60%)
  • Fleirvalsoppgåver i statistikk (40%)
  • Karakterskala
    Karakterskala A til F, der A er beste karakter og F er stryk.
    Vurderingssemester
    Vår
    Litteraturliste
    Litteraturlista er i Leganto
    Emneevaluering
    Emnet evaluerast etter gjeldande retningslinjer for studiekvalitet. Alle emneevalueringer blir lasta opp i studiekvalitetsdatabasen.
    Programansvarleg
    Programutvalet for helsefag er ansvarleg for masterprogrammet i helse og samfunn
    Administrativt ansvarleg
    Studieseksjonen ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin.