Medisinsk statistikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- MEDSTA
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Overordna mål:
Medisinsk statistikk er eit fag som skal gi innføring i moderne statistiske metodar i medisinsk forsking. Faget omfattar bruk av matematikk for å skildre uvisse i målingar og modellere røynda. Faget si overordna målsetting er å oppnå kunnskap om kva rolle uvisse har i medisinsk forsking, og korleis slik uvisse kan handterast. Metodegrunnlaget er svært viktig for å kunne fortolke resultat frå dei fleste slag av medisinsk forsking. Kurset fokuserer på metodegrunnlaget for randomiserte kliniske forsøk.
Innhald:
Kurset skal gi studenten kunnskap om:
Deskriptiv statistikk, enkel sannsynsregning, diagnostiske testar, fundamentale fordelingar, viktige metodiske omgrep/storleikar, hypotesetesting, estimering med konfidesintervall, fundamentale testprosedyrar, korrelasjon, regresjonsmetodar, overlevingsanalyse og prinsipp for analyse av randomiserte kliniske forsøk.
Læringsutbyte
Kunnskap
Etter fullført emne skal studentane kunne gjere greie for:
- sannsynsteori
- deskriptiv statistikk
- diagnostiske testar
- fundamentale fordelingar
- estimering og hypotesetesting
- korrelasjon og regresjonsmetodar
- overlevingsanalyse
- metodar for analyse av randomiserte kliniske forsøk
Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studentane kunne:
- skilje ulike variabeltypar frå kvarandre
- beskrive ei samling observasjonar ved å teikne figurar og nytte mål for sentraltendens og spreiing
- sette opp eit sannsynlighetstre for ein diagnostisk test
- rekne ut positiv-prediktiv verdi for ein test
- rekne ut negativ-prediktiv verdi for ein test
- rekne ut sensitivitet for ein test
- rekne ut spesifisitet for ein test
- nytte tabellar for normalfordeling, t-fordeling og kji-kvadrat-fordeling
- rekne ut punktsannsyn for Poisson-fordeling og binomisk fordeling
- nytte normaltilnærming av Poisson-fordeling og binoimsk fordeling når dette er relevant
- rekne ut og tolke standardfeil, p-verdiar og konfidensintervall for kontinuerlege variablar, typisk ved bruk av t-test og t-fordeling
- rekne ut og tolke standardfeil, p-verdiar og konfidensintervall for binære variablar, typisk ved bruk av kji-kvadrattest og konfidensinterval for relativ risiko, odds-ratio og risikodifferanse
- teikne og tolke Kaplan-Meier-plot, rekne ut og tolke p-verdi for log-rank test for forløpsdata (overlevingsdata)
- rekne ut nødvendig utvalsstorleik for å få ein viss statistisk styrke på ein test
- rekne ut nødvendig utvalsstorleik for å få ein viss statistisk presisjon på eit estimat
- formulere grunnleggande prinsipp for randomiserte kliniske forsøk
- gjennomføre grunnleggande statistiske analyser av randomiserte kliniske forsøk
- tolka og kritisk vurdere statistikkbruk i medisinsk litteratur, spesielt i randomserte kliniske forsøk
- rekne ut og fortolke ein korrelasjonskoeffisient
- fortolke koeffisientane i lineær regresjon
- fortolke koeffisientane i logistisk regresjon
- fortolke koeffisientane i Cox-regresjon
- nytte regresjon til statistisk inferens og prediksjon
Generell kompetanse
Etter fullført emne kan studentane:
- kritisk vurdere statistikkbruk i medisinsk litteratur, spesielt frå randomserte kliniske studiar
- bruke medisinsk statistikk for å halde seg orientert innan fagområdet sitt
- reflektere over bruken av medisinsk statistikk i eigen fagleg utøving, og justere denne under rettleiing
- Gjennomføre varierte arbeidsoppgåver knytt til bruk av medisinsk statistikk i prosjektarbeid, åleine og som deltakar i gruppe.
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga er basert på 28 undervisningstimar med variert innhald og 8 timar grupperettleiing knytt til individuelle obligatoriske innleveringsoppgåver.
Studentane skal møte forberedt til undervisningstimane som inneheld korte førelesningar og arbeid med oppgåver. Det blir gitt to sett med heimeoppgåver og tilbod om arbeid i grupper med rettleiing. Det er innlevering av oppgåvene med tilbakemelding undervegs.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Vurderinga i emnet består av tre frittståande element med eigne fristar, som samla utgjer karakteren i emnet. Desse er:
- Innleveringsoppgåve 1
- Innleveringsoppgåve 2
- MCQ-test (fleirvalstest)
Alle deler må vere bestått for å bestå emnet som eit heile. Ved stryk på MCQ-test blir det gjeve nytt forsøk samme semester. Ved stryk på innleveringsoppgåve vil nytt vurderingsforsøk vere i semester med undervisning.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Programansvarleg
Administrativt ansvarleg
Institutt for global helse og samfunnsmedisin,
e-post: