Innføring i kryptoanalyse av symmetriske chiffer
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- INF247
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet gjev ein introduksjon til kryptoanalyse. Målet for kryptoanalyse er, med utgangspunkt i ei kryptert melding, å finne den hemmelege krypteringsnøkkelen som er brukt, eller i kvart fall å finne ut kva hemmeleg klartekstmelding som er sendt. Grunnleggjande kryptoanalytiske åtak mot symmetriske system blir gjennomgått.
Innhald:
Emnet inneheld tre delar. Den første delen handlar om åtak på historiske kryptosystem, som ulike substitusjons- og transposisjonssiffer, Hagelin-kryptering, og Geheimschreiber. Den andre delen handlar om strømsiffer og og tek opp åtak baserte på Berlekamp-Massey-algoritmen, korrelasjonsåtak og algebraiske åtak, 2-adisk kryptanalyse, samt avveiing mellom tids- og minnebruk. Den siste delen dreier seg om åtak på blokkchiffer, og forklarar møt-i-midten-åtak og lineær og differensial kryptanalyse.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha oppnådd følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kjenner grunnleggjande algebra og sannsynsteori sine applikasjonar i kryptoanalyse
- grunnleggjande vellukka kryptoanalytiske angrep jobbe
Ferdigheiter
Studenten
- er i stand til å forklare det matematiske grunnlaget for tryggleiken til chiffer
- er i stand til å fordøye og forklare korleis kryptografisk primitive fungerer
- er i stand til å gjennomføre grunnleggjande vellykka kryptoanalytiske angrep
Generell kompetanse
Studenten
- er kjent med nye idear i kryptoanalyse og innovasjonsprosessar
- kan utveksle meiningar med andre med bakgrunn i kryptologi og delta i diskusjonar om utvikling av god praksis
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesningar / 13 veker
Øvelser: 2 timer i uken
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatoriske aktiviteter er gyldige i to semester, det semesteret aktiviteten godkjennes samt det påfølgjande semesteret.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Digital skriftleg skuleeksamen (3 timar). Det er høve til å gi karakter på obligatoriske oppgåver som kan inngå i sluttkarakteren.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
Programansvarleg
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt eventuelt