Energi- og miljøfysikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- ITØK170
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål: Emnet har som mål å gi studentane ei insikt i grunnleggjande fysikk som er relevant for, og tema som høyrer heime i, opplyst samfunnsdebatt.
Emnet skal formidle korleis fysikkens grunnleggjande lover kan nyttast til å forstå og forklare prosesser og effektar knytt til energikjelder, energiberarar, energidistribusjon, miljøfysikk og ioniserande stråling.
Innhald: Emnet gir ei innføring i energi- og klimafysikk med spesiell vekt på dei fysiske prosessane som ligg til grunn. Eksempel på tema som vert behandla er:
Energifysikk: Energikonservering og termodynamikkens lover, energikonvertering, energikvalitet og verkningsgrad, energikjelder og energiberarar, energiproduksjon inklusiv forbrenningsmotorar, vasskraftverk, solceller, vindkraft og kjernekraft, og distribusjon av elkraft.
Klimafysikk - kva faktorar påverkar klimaet?: Jorda sitt energibudsjett, strålingslover inklusiv absorpsjon, spreiing og utstråling, varmetransport i atmosfæra og hava, tilbakekoplingsmekanismar, og atmosfæra si samansetjing - kva gassar er klimagassar og kvifor?
Ioniserande stråling: Strålinga sitt fysiske opphav i atom og kjerner, radioaktivitet, biologiske effektar, doseberekningar, og strålevern.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og kompetanse:
Kunnskapar:
Studenten
- har brei kunnskap om sentrale tema i energi- og miljøfysikk
- kjenner til utvalde naturlover anvendt innan energifysikk, atmosfærefysikk og strålingsfysikk
- har forståing for sentrale prosessar i energiproduksjon og energikonvertering, jorda sitt energibudsjett, og nytte og risiko ved bruk av ioniserande stråling
Ferdigheiter:
Studenten
- kan anvende fagleg kunnskap i grunnleggjande fysikk og matematikk på enkle problemstillingar og bruke fagleg argumentasjon
- kan gjere greie for relevante faglege metodar og uttrykksform og kan diskutere sentrale teoriar, problemstillingar og løysingar med andre studentar
- kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff, gjennomføre ein litteraturstudie av eit valt tema og skrive ein rapport om temaet
Generell kompetanse:
Studenten
- har generell kunnskap om den faglege koplinga mellom grunnleggjande fysikk og sentrale tema i energi- og miljøfysikk
- kan gjere greie for utvalde problemstillingar innan energi- og mljøfysikk
- kan praktisere grunnleggjande norm for akademisk skriving
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga vert gitt i form av førelesingar, gjennomgang av oppgåver i plenum, rekneverkstad og prosjektoppgåve.
Førelesingar 4 timar i veka.
Seminar 2 timar i veka.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjend prosjektrapport inklusiv kollegavurdering.
Godkjend obligatorisk aktivitet er gyldig i tre påfølgande semester etter godkjenninga.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsform:
Skriftleg eksamen (4 timar), utgjer 100 % av karakteren
Karakterskala
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Studenter som oppfyller kravet til kontinuasjonseksamen (ihht. UiB-forskriften § 5-6) henvises til neste ordinære eksamen.
Litteraturliste
Emneevaluering
Hjelpemiddel til eksamen
- Fem A4-sider med studentane sine eigne notat. Notatane kan vere hand- eller maskinskrivne, men må kunne lesast utan hjelpemiddel som forstørringsglas.