Bacheloroppgåve i journalistikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med dette emnet er å auke studentane sine profesjonsorienterte ferdigheiter og ein medfølgjande analytisk og kritisk kompetanse. Semestret er delt i tre modular:

Modul 1 består av eit opningsseminar. I seminaret blir det gjennomgang av ulike utfordringar studentane vil møte i praksis og dessutan førebuing til arbeidet med skriving av bacheloroppgåva.

Modul 2 består av ein ekstern praksisperiode på åtte veker. Mot slutten av eksternpraksisen skriv studentane ein kort, fokusert produksjonsrapport frå praksisperioden.

Modul 3 blir innleia med eit midtvegsseminar der erfaringar frå eksternpraksis blir drøfta i eit fagleg fellesskap. På basis av denne utforskinga, og produksjonsrapportane frå praksis, vil studentane no arbeide intensivt med å utvikle konkret tema og problemstilling for sjølve bacheloroppgåva. Her vil vi også gå meir i djupna på samfunnsvitskapleg metode, og lære korleis slike tilnærmingar kan komplementere journalistisk metode. Kjeldesøk, kjeldekritikk og etiske problemstillingar vil bli drøfta. Studentane vil og lære kjeldesøk i relevante akademiske databasar, og få ei første innføring i enkel forskingsmetode og analyse av kvalitative og kvantitative data. Utvikling av god sjølvstyring og berekraftige framdriftsplanar blir løfta fram. I løpet av seminaret vil studentane få tildelt individuelle rettleiarar.

Hovuddelen av modul 3 er studentane sitt arbeid med bacheloroppgåva. Studentane kan arbeide enten med ein teoretisk analyse der problemstillinga spring ut frå opplevingar under praksis, eller dei kan bruke eitt eller fleire produkt frå eigen praksis som analytisk utgangspunkt for oppgåva.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskap om sentrale likskapar mellom journalistisk og samfunnsvitskapleg metode, både kvalitativt og kvantitativt
  • har brei kunnskap om korleis eit spekter av journalistiske metodar og verktøy kan nyttast i ulike samanhengar, på ulike plattformer
  • har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, historie, problemstillingar, prosessar og verktøy innanfor fagområdet journalistikk

Ferdigheiter

Studenten

  • kan reflektere kritisk rundt bruken av ny teknologi i journalistikk og sentrale dilemma dette fører med seg
  • kan bruke teoretisk og metodisk innsikt til å analysere og drøfte praktisk funderte problemstillingar
  • kan reflektere analytisk og prosessuelt over eigne prosjektdesign og gjennomføringa av desse

Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere kritisk over eigen journalistisk praksis
  • kan planlegge og gjennomføre journalistisk arbeid åleine eller i grupper, over kortare eller lengre tid og på fleire plattformar og i tråd med yrkesetiske krav og retningslinjer.
  • kan formidle sentralt fagstoff og reflektere skriftleg og munnleg over eigne journalistiske tilnærmingar
  • har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar og kan bruke kvalifisert journalistisk skjønn
  • kan bruke den journalistiske kompetansen til å søke etter, og formidle, ny kunnskap i ulike fysiske og digitale kontekstar
  • kjenner til nytenking og innovasjon innan fagområdet og kan nyttiggjere seg dette

Studiepoeng, omfang

30 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår/Haust

Undervisningsstad

Media City Bergen
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
  • MEVI 260 (10 stp)
  • MEVI 265 (30 stp)
  • JOU 250 (30 stp)
Krav til studierett
Bachelorprogram i journalistikk
Arbeids- og undervisningsformer
  • Seminar og sjølvstendig skriving under rettleiing
  • Ekstern praksis på 8 veker
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltaking i opnings- og midtvegsseminar. Munnleg presentasjon av praksisrapport.
  • Innlevering av kort produksjonsrapport før midtvegsseminaret
  • Gjennomføring av praksis i mediebedrift i samsvar med dei avtalane som er inngåtte
  • Rettleiing i samband med godkjenning av utgangspunkt og problemstillingar for bacheloroppgåva

Dei obligatoriske arbeidskrava må vera godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Bacheloroppgåve. Studenten skriv éi oppgåve på 4500 ord basert på ekstern praksis. Oppgåva er teoretisk-analytisk, med utgangspunkt i problemstilling(-ar) opplevd i praksisperioden. 

Bacheloroppgåva kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og  01.12. for vårsemesteret. 
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning
Programansvarleg
Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitenskapelige fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.