Forskingsformidling: Kunsthistorie i samfunnet
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- KUN321
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk.
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet har som mål å gi studenten trening og kompetanse i følgjande tema:
- Å få trening i å skrive faglege formidlingstekstar i ulike sjangrar.
- Å få trening i å gi og motta tilbakemeldingar på faglege tekstar.
- Å få trening i munnleg fagleg formidling i form av 1) forskingspresentasjonar om masterprosjektet for eit kunsthistorisk fagmiljø og 2) ei førelesing retta mot bachelorgradsstudentar om valfri tematikk (30 minutter) eller ei fagleg omvising i ei sjølvvald museumsutstilling (30 min)
Emnet er eit fordjupingsemne i kunsthistorisk forskingsformidling og er retta mot masterstudentar i kunsthistorie. Gjennom emnet får studentane ferdigheiter og kunnskapar om fagleg formidling i ulike sjangrar basert på den enkelte student sin fordjupingstematikk i masteroppgåva. Studentane vel i samråd med emneansvarleg eller andre faglege kontaktpersonar kva fagleg fokus presentasjonar og tekstar skal ha. Emneansvarleg skal godkjenne valet. Døme på kva undervisinga kan fokusere på: Munnleg og skriftleg formidling til ulike grupper, kunstkritikk og bokmeldingar, utstillingar som kunnskapsform, museumsformidling, kommunikasjonsarbeid i kunst- og kulturinstitusjonar og andre kunnskapsbedrifter og populærvitskaplege tekstar.
I emnet lærer studentane å avgrense problemstillingar og arbeide systematisk og metodisk innan presise faglege rammer med tanke på formidling. Emnet gir masterstudentar i kunsthistorie ferdigheiter som er relevante for eit breitt arbeidsliv. Dei lærer mellom anna presis og engasjerande munnleg og skriftleg artikulering av faglege problemstillingar, tilpassing av fagleg formidling til ulike sjangrar og målgrupper, og evne til å arbeide sjølvstendig og i grupper om faglege problemstillingar innan kunsthistorisk forsking.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har inngåande kunnskap om eit definert og avgrensa kunsthistorisk emne eller ei metodisk problemstilling.
- har kunnskap om ulike sjangrar av forskingsformidling.
- har formulert sjølvstendige synspunkt på eit kunsthistorisk tema og presentert det skriftleg og munnleg.
Ferdigheiter
Studenten
- kan formulere faglege formidlingstekstar til ulike målgrupper.
- kan gi ei munnleg framstilling av eit kunsthistorisk tema.
- kan gi konstruktive tilbakemeldingar på andre sine skriftlege og munnlege arbeid.
Generell kompetanse
Studenten
- kan presentere eige kunsthistorisk arbeid i skriftleg og munnleg form; klårt, tydeleg og målretta.
- kan reflektere sjølvstendig om eit kunsthistorisk tema og korleis dette temaet kan formidlast til eit variert og breitt publikum.
- kan tenke kritisk om sitt eige og andre sitt faglege arbeid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Dei obligatoriske aktivitetane er gyldige i undervisningssemesteret
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Munnleg eksamen:
2 munnlege presentasjonar - Kvar presentasjon tel 50 %:
- Ein munnleg presentasjon for det kunsthistoriske fagmiljøet. Presentasjonen skal ha ein tematikk relatert til masteroppgåva (30 minutt)
- Ei førelesing med valfri tematikk retta mot bachelorgradsstudenter eller ei omvising i sjølvvald museumsutstilling (om lag 30 minutt)