Kjønn og seksualitet i ein global kontekst

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som siktemål å gje fordjupa, kritisk kunnskap i ein problematisk tradisjon eller arbeidsfelt innan tverrfaglege kjønnsstudium som transnasjonalt felt. Kurset tilbyr ei kontekstualisert, teoretisk orientert tilnærming til å lese kritisk teori, samstundes som ein også utviklar nærlesingsferdigheiter gjennom å syne merksemd til forma og språket til utvalde tekstar. Studentane blir oppmoda om å lese breitt for å utvikle medvit om historiske og samtidige politiske, estetiske, teoretiske og kulturelle debattar i ein global kontekst, og kan forvente å få dekka eit breitt område av tekstar frå kjønnsstudium, skeiv- og feministteoriar, postkolonial teori, kulturstudium, sosiologi, antropologi, historie og filosofi.

Mål og innhald for kurset er:

- Å kritisk undersøkje eit variert spekter av materiale med blikk på tradisjonen dei har utvikla seg i frå, og som dei kan vere avvikande frå.

- Å utforske den sosiopolitiske og teoretiske danninga av kjønn, seksualitet, avvik og ulikskap i ein global kontekst.

- Å utvikle ferdigheiter i kritisk tenking ved å fordjupe seg i sentrale teoretikarar i samtida der fokus mellom anna kan inkludere kjønn, seksualitet, klasse, funksjonshemming, rase og nasjon, og ved å tileigne seg ei betre forståing av dei historiene som formar notida.

- Å utvikle ferdigheiter som kan overførast til andre emne, og som er essensielle for framtidig yrkesutøving, slik som gruppearbeid, argumentasjon, tidsplanlegging, presentasjon og prosjektleiing.

 

Læringsutbyte

Kunnskap:

Kandidaten...

- Har kunnskap om, og forståing for, dei historiske, politiske og kulturelle kontekstane innan eit spesifikt forskingsområde, tradisjon eller fagområde innan tverrfaglege kjønnsstudium i ein global kontekst

- syner forståing for sentrale nøkkelomgrep, problem og konseptuelle rammeverk i studiet av kjønn og seksualitet i ein global kontekst

 

Ferdigheiter:

Kandidaten...

- kan ta i bruk sentrale omgrep, problem og konseptuelle rammeverk innan kjønnsstudium i andre teoretiske og kulturelle kontekstar og analysere dei i ein global kontekst

- syner evne til å kunne samanstille, syntetisere og evaluere kritiske og teoretiske ressursar, og har evne til å nytte kritiske leseferdigheiter på dette materiale

 

Generell kompetanse:

Kandidaten...

- har evne til å samarbeide med andre, og til å kommunisere klårt, samanhengande og effektivt i gruppesituasjonar.

- evner å produsere skriftlege arbeid som følgjer faste retningsliner, og som er gjennomført og kritisk engasjerande.

- har utvikla tryggleik til å presentere stoff offentleg og for medstudentar, og opparbeida evna til å vurdere eigne behov for vidare fagleg utvikling.

Studiepoeng, omfang

15

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen 
Krav til forkunnskapar
Ingen 
Tilrådde forkunnskapar

Grunnleggjande kunnskapar om kjønnsstudium (t.d. KVIK100, KVIK101, KVIK102 eller tilsvarande).

Studentane bør ha gode kunnskapar i engelsk.

 

Krav til studierett
Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil bli gitt som kombinerte førelesningar og seminar, normalt 3-4 timar i veka over 12 veker.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan bli aktuelt, vil studentane få informasjon om det ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Vurderingsformer
7-dagers heimeeksamen på 3-4000 ord. Referanseliste kjem i tillegg.
Karakterskala
Våren 2020 er karakterskalaen endra frå A-F til Bestått / Ikkje bestått.
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Om lag 1000 sider av normal vanskegrad. Pensum blir justert kvart år avhengig av temaet til det spesifikke kurset. 
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.