Første praksisperiode
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 0
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- LAPRA101
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Praksis inneber rettleia undervisning i skulen og er knytt til pedagogikk- og fagdidaktikkemne. Praksis inneber normalt både observasjon av undervisning, undervisning åleine og i samarbeid med medstudent(-ar), samt deltaking i andre skulerelevante aktivitetar. Studentane skal lære å planlegge og gjennomføre gode lærings- og undervisningsøkter og vurdere slike ut frå didaktiske og pedagogiske perspektiv.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
kunnskaper: Studenten
- Har kunnskap om vilkår for god læring og klasseleiing.
- Har innsikt i kva faktorar som påverkar utøvinga av lærarrolla.
Ferdigheiter: Studenten
- kan planlegge undervisning - på kort og lang sikt - med eiga formulering av læringsmål, metodar i undervisninga og kunne vurdere dette ut frå didaktisk og pedagogisk innsikt.
- kan kommunisere med elevane ut frå nivået deira generelt og fagleg og om læringa deira.
Generell kompetanse: Studenten
- kan ta omsyn til og vise respekt for integriteten til den enkelte elev.
- kan samarbeide konstruktivt med rettleiarar, kollegaer og medstudentar om elevane si læring.
- kan utvikle og betre eiga undervisning over tid på bakgrunn av kritisk refleksjon over eigne kunnskapar, eigne erfaringar og innspel frå kollegaer og rettleiarar.
Fulltid/deltid
Fulltid
Studiepoeng, omfang
Ingen
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Praksisskular og på UiB.
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Studenten må vere teken opp på 5-årig lektorutdanning.
Arbeids- og undervisningsformer
- Undervisingspraksis i 49 dagar for studentar på MAMN-LÆRE
- Undervisningspraksis i 28 dagar for studentar på MAHF-LÆNO, MAHF-LÆFR, MAHF-LÆHR og MASV-LÆSF
- Rettleiing
- Deltaking i relevante aktivitetar på skulen og universitetet.
- For MN-studentar er det obligatorisk å delta på fire førebudde temaseminar. MN-studentar skal i tillegg delta på fire obligatoriske campusdagar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
- 100% obligatorisk deltaking. Sjå arbeids- og undervisningsformer, over.
- Praksislogg skal vere utfylt med dokumentasjon på at minst 5 av loggaktivitetane er gjennomført i løpet av praksisperioden.
Obligatoriske arbeidskrav i LAPRA101 er berre gyldige i eit semester.
Vurderingsformer
Praksis.
Undervegsvurderingar vert gjennomført av pedagogar/fagdidaktikarar frå Universitetet i Bergen i samband med praksisbesøk på skulane. Praksisskulane sender forslag til sluttvurdering etter at praksis er gjennomført. Sjå praksisreglement.
Antall forsøk: 2. Studentar som får ikkje greidd på emnet har høve til å ta emnet på nytt éin gong til.¿¿
Karakterskala
Greidd/ikkje greidd.
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
.
Programansvarleg
Det matematisk-naturvitskapelege fakultet
Det humanistiske fakultet
Administrativt ansvarleg
Lektorsenteret har det administrative ansvaret for emnet.