Medisinsk Statistikk med Stata
Masteremne
- Studiepoeng
- 2
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- MEDSTATA
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk. Engelsk dersom internasjonale phd-kandidatar
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Overordna mål:
Kurset skal gi ein introduksjon til statistikkpakken Stata og dei mest grunnleggande statistiske metodane innanfor medisinsk og epidemiologisk forsking.
Innhald:
- Datahandtering, inklusiv generere nye variablar, kobling av filer og skifte mellom wide og long format i Stata
- Løkker og ulike datahandterings-kommandoar i Stata for å effektivisere arbeidet
- Stata kommando-syntaks
- Kommandoar for å lage automatiske tabellar med analyseresultat
- Bruk av do-filer for å effektivisere og dokumentere arbeid og generere reproduserbare analyseresultat
- Bruk av hjelpe-funksjonane i Stata og online-ressursar
- Bruke av log-filer for dokumentasjon av analyseresultat
- Deskriptiv statistikk
- Analyse av kontinuerlige variablar (t-test, korrelasjon, lineær regresjon)
- Analyse av kategoriske variablar (chi-square- og Fishers eksakt test, logistisk regresjon)
- Overlevelsesanalyse (Kaplan-Meier kurver, log-rank test, Cox regresjon)
- Grafikk med Stata
Læringsutbyte
Kunnskapar
Etter fullført emne skal kandidatane kunne:
- Behandle og analysere data i Stata og tolke analyseresultat for dei mest grunnleggande analysemetodane i medisinsk og epidemiologisk forsking.
Ferdigheiter
Etter fullført emne skal kandidatane kunne:
- Koble filer og generere nye variablar
- Importere og eksportere data til og frå andre filformat
- Bruke do-filer på ein effektiv måte og skrive kommandoar
- Bruke hjelpe-filer i Stata til å tilpasse Stata-kode i do-filer og bruke do-filer til å holde orden i statistiske analyser for å oppnå reproduserebare forskningsresultat
- Utføre enkel deskriptiv statistikk i Stata
- Utføre statistisk analyse i Stata for kontinuerlige og kategoriske variablar (inklusiv t-test, korrelasjonskoeffisient, lineær regresjon, krysstabellar med utrekning av risk ratio og odds ratio, logistisk regresjon, Kaplan-Meier analyse, log-rank test, Cox-regresjon) og forstå tolkning av effektestimat, p-verdier og konfidensintervall.
- Velje riktig analysemetode ut frå problemstilling og type og fordeling for ulike utfalls og eksponerings-variablar
- Lage ulike figurar i Stata og tilpasse/redigere desse slik at dei er klar for publikasjon i vitenskaplege tidsskrift
Generell kompetanse
Etter fullført emne skal kandidatane kunne:
- Forstå korleis eit typisk statistikkprogram fungerer
- Ha eit grunnlag for arbeid med liknande programsystem
- Forstå og tolke analyseresultat for dei mest brukte statistiske metodane i medisinsk forsking
- Vere i stand til å analysere eigne forskningsdata med Stata
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
MEDSTATA har full fagleg overlapp med:
- ELMED313 (2 sp)
Krav til studierett
Påmelding gjennom Studentweb innan 1. september for haustsemester og 1. februar for vårsemesteret.
Frist: 1. august for haustsemester og 1. januar for vårsemester
Arbeids- og undervisningsformer
Forelesingar og individuelle øvingar i Stata med rettleiing, i tillegg til heimearbeid
3 dagar undervisning
Totalt timer: 15 timar + heimearbeid
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Emneevaluering
Programansvarleg
Administrativt ansvarleg
Institutt for globale helse og samfunnsmedisin.
Kontakt: studie@igs.uib.no