Tiande semester Vestlandslegen Stavanger
Masteremne
- Studiepoeng
- 24
- Undervisningssemester
- Vår
- Emnekode
- MEDSTAV10
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Læringsutbyte
Læringsutbytet for MEDSTAV10 har nokre punkt som gjeld generelt for alle fagområda, og nokre særskild for enkeltfag. Der omgrepet «fagområda i semesteret» nyttast gjeld dette psykiatrisk fag som inkluderer psykiatri, borne- og ungdomspsykiatri, og rus- og avhengighetsmedisin, øyre-nase-hals, auge, hud, pediatri, gynekologi og obstetrikk.
Generelt
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte innan fagområda:
Kunnskap
Studenten
- har avansert kunnskap om symptom, funn, diagnostikk og behandling av dei viktigaste sjukdomane og skadane for fagområda i semesteret
- har kunnskap om korleis ein, basert på det systematiske journalopptak (klinisk evaluering) stiller diagnose/differensialdiagnose og lagar plan for utgreiing og behandling av individuelle pasientar
- har kunnskap om indikasjonar, kontraindikasjonar og dei vanlegaste komplikasjonane til vanlege undersøkingar og prosedyrar for fagområda i semesteret
- har kunnskap om kva for nokre pasientar som kan behandlast utanfor sjukehus og kva pasientar som skal visast vidare til spesialisthelsetenesta.
- har kunnskap om spesialundersøkingar og prosedyrar knytt til diagnostikk og behandling av dei viktigaste sjukdommane for fagområda i semesteret
- har kunnskap om prinsippa for oppfølging av pasientar med kroniske sjukdomar og skader og moglegheiter og tiltak for rehabilitering av pasientar med sjukdomar
- har kunnskap om grunnleggjande farmakologiske prinsipp til bruk i medikamentell behandling av vanlege sjukdomar i fagområda i semesteret
- har avansert kunnskap om verknadsmekanismar og aktuelle lokale og generelle biverknader av dei vanlegaste medikamenta som blir brukt ved behandling av dei viktigaste sjukdommane for fagområda i semesteret
- har kunnskap om og kunne gjere greie for profesjonar som deltek i tverrfagleg samarbeid ved komplekse og kroniske sjukdomar i fagområda i semesteret
Ferdigheit
Studenten
- kan nytte fagleg kunnskap om og utføre målretta anamneseopptak og fullstendig klinisk undersøking for å kunne vurdere sjukdom innanfor fagområda i emnet
- kan anvende fagleg kunnskap for å kartlegge, vurdere og gi eigna smerte- og symptomlindrande tiltak i samarbeid med pasienten og med andre profesjonar
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i, og kan stille seg på ein fagleg korrekt og empatisk måte til pasientane
- har innsikt i, og kunne forstå den praktiske tydinga av dei ulike symptoma og utfalla knytt til sjukdom innanfor fagområda i semesteret
- har innsikt i etiske problemstillingar knytt til diagnostikk, og behandling av pasientar med alvorlege sjukdomar innanfor fagområda i semesteret
- har innsikt i, og kunne utvikle haldningar som skaper kontakt, tryggleik og tillit i lege-pasient forholdet
- har innsikt i organiseringa av helsevesenet og kunne utvikle gode samarbeidsrelasjonar til andre yrkesgrupper.
- kjenner til lovgiving knytt til pasientrettar
- opptrer profesjonelt og med respekt i relasjon til pasientar og pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar
- presenterer medisinsk informasjon strukturert, logisk og poengtert i ein profesjonell samanheng, samt empatisk og kunnskapsfremjande til pasientar og pårørande
- har kunnskap om organisering av samhandling mellom primær- og spesialisthelsetenesta
- anerkjenner at ein må tilnærma seg alvorleg sjuke og døande pasientar, og deira pårørande, på ein medmenneskeleg, etisk og profesjonell måte.
- kan reflektere over eigen praksis som lege, kjenne avgrensingar i eigen kompetanse og søke råd hos kollegaer når det er naudsynt
- kan samarbeide med andre profesjonar i helsevesenet
- er medviten om eigne verdiar og kritisk reflektere over eigen praksis og framtidig utøving av yrket som grunnlag for kontinuerleg forbetringsarbeid
- er medviten om korleis ein kan innhente og presentere kunnskap på ein god måte og med eit kritisk blikk
Fagspesifikke læringsmål:
Pediatri
Kunnskap:
Studenten
- skal kjenne til skilnader mellom vaksen- og barneradiologi med tanke på val av modalitet, protokoll og resultat av undersøkingar
- skal kjenne til Barnevernets roller ved mistanke om barnemishandling
- skal kjenne til forskjell i diagnostikk og behandling mellom ulike aldersgrupper og vaksne
Ferdigheit:
Studenten
- kan estimere nyrefunksjon og dehydreringsnivå, og instruere barn og deira foreldre i bruk av inhalasjonsmedisin.
- kan tolke grunnleggande funn frå lungefunksjonstesting hos barn og ungdom.
- kan diagnostisere og tiltak ved debut av diabetes
- kan forklare verdien av fysisk aktivitet og sunne matvanar både som førebyggjande og som terapeutisk tiltak.
- kan teikne og tolke slektstre i medisinsk genetikk.
- kan tilvise av pasientar eller familiar til diagnostisk teneste og rådgjeving i medisinsk genetikk i Noreg
Gynekologi og obstetrikk
Kunnskap:
Studenten
- har inngåande kjennskap til diagnostikk, behandling og tilvisingsrutine ved mistanke om benigne tumores i genitalia interna og kroniske smertetilstandar i bekkenet
- har inngåande kjennskap til fødselsmekanikk
Ferdigheit:
Studenten
- kan vurdere genitalia interna ved hjelp av vaginal ultralyd
- kan assistere ved fødsel
- kan forløyse ved normal vaginal hovudfødsel
- kan sjølvstendig gjennomføre ei gynekologisk undersøking
- kan sjølvstendig setje inn og fjerne spiral, og ta cervixcytologisk prøve
Psykiatriske fag
Kunnskap
Studenten
- har avansert kunnskap om dei biologiske, psykiske og sosiale faktorane som ligg til grunn for utvikling og vedlikehald av psykisk sjukdom
- har avansert kunnskap om til diagnostisering av vanlege psykiske lidingar og kjenner til standardbehandling av desse
- har inngåande kunnskap om samansette behandlingsforløp som tvinga vern, dom til behandling, ECT og samtaleterapi
- har avansert kunnskap om rusrelaterte symptom, årsaker og korleis ein kan førebygge rusrelaterte tilstandar
- har inngåande kunnskap om legemiddelassistert rusavhengigheitsrehabilitering, med lovverk og organisasjon
- har inngåande kunnskap om instansar og institusjonar som er involvert i behandling og oppfølging av vaksne, barn og unge med mentale problem og om samarbeidet mellom desse
- har inngåande kunnskap om og kan gjere greie for relevant lovgiving for barn og unge under 18 år med psykisk sjukdom
Ferdigheit
Studenten
- kan gjennomføre psykometri for å supplere allmenn psykiatrisk undersøking
- kan gjennomføre standard farmakologisk behandling av dei vanlege lidingane og ein viss trening i spesifikke psykologiske intervensjonar
- kan identifisere komorbide sjukdomar til alvorlege sinnslidingar
- kan sjølvstendig vurderer samtykkekompetanse på ein strukturert måte
- kan vurdere psykiatrisk sjukdom opp mot lovverket og i særleg grad delen som regulerer tilgang til tvangsundersøking og -innlegging i psykisk helsevern og rusomsorg
- kan sjølvstendig vurdere fare for akutt vald på og identifisere behov for vurdering av vald på lengre sikt
- nyttegjere seg dei ulike tenestene som har ansvar for barns helse og velferd og regler for samhandling mellom desse
- har ferdigheit til å vurdere suicidalitet og psykosesymptom symptom hos barn og vaksne
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i styrker og veikskap bak syndrombasert diagnostikk
- har innsikt i hovudprinsippa for dei vanlegaste diagnostiske og terapeutiske metodar i psykiatrien
- kan angje dei viktigaste indikasjonane og kontraindikasjonane for psykodynamisk terapi, kognitiv terapi, åtferdsterapi og støtteterapi. Kan drøfte metodanes styrker og svakheiter retta mot enkeltpasientar.
Hud- og veneriske sjukdomar
Kunnskap
Studenten skal ha kunnskap om
- Struktur og funksjon til huda relevant for klinisk forståiing
- Terminologi nytta for å skildre hudlesjonar (efflorescenslæra)
- Prinsippa bak dermatologiske behandlingar
- Etiologi, patofysiologi, immunologi og epidemiologi knytt til vanlege og andre viktige hudlidingar Kliniske manifestasjonar, behandlingsmetodar og moglege komorbiditetar ved vanlege og andre viktige hudlidingar
- Korleis symptom i huda kan vera teikn på sjukdom i andre organ og systemsjukdomar
- Hudkirurgiske teknikkar, som hudbiopsi, eksisjon, skraping (curretage) og kryobehandling.
- Seksuelt overførbare sjukdommar inkludert deira etiologi, diagnostikk og behandlingSmittevernlova og smitteoppsporing ved seksuelt overførbare infeksjonar
Ferdigheit
Studenten
- kan ta ei dermatologisk og venerologisk sjukdomshistorie
- kan beskrive hudlesjonar
- kan gje informasjon om hudsjukdomar og seksuelt overførbare infeksjonar til pasientar og pårørande, og rettleie dei i eigen behandling og oppfølging
- kan sjølvstendig ta mikrobiologiske prøver frå hud og slimhinner
- kan sjølvstendig ta prøve til soppdyrking
- kan sjølvstendig ta stansebiopsi fr hud og handtere prøvesvar frå patolog
- kan sjølvstendig foreta kryobehandling av vorter og keratoser
- kan sjølvstendig ordinere lokalbehandling av venøs svikt, inkludert eksem, sår og ødem
- kan gje råd om solbeskyttelse
Generell kompetanse
Studenten
- er sensitiv for den sosiale påverknaden av hud- og seksuelt overførbare sjukdommar, og kan etablere tryggleik og gode relasjonar i behandling av hudpasientar og pasientar med seksuelt overførbare infeksjonar
- kan handtere registrering og rapportering av smittsame sjukdommar i samsvar med gjeldande lover og regelverk
- har god forståing av samhandling mellom primærhelsetenesta og spesialisthelsetenesta innanfor fagområdet hudsjukdommar. Kan innhente ressursar for dermatologisk kompetanseheving i allmennmedisin, og kan følgje opp pasientar med hud- og veneriske sjukdommar etter spesialistkonsultasjon
Øyre, Nase og Hals
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om ØNH-anatomi som er sentral for klinisk forståiing
- har inngåande kunnskap om symptom og teikn på ØNH-sjukdommar som krev tilvising og behandling i spesialisthelsetenesta, samt oversikt over kva som er videre utredning, behandling og prognose for slike tilstander i spesialisthelsetenesta.
- har kunnskap om målretta klinisk ØNH-anamnese og undersøking, samt førstehjelpsbehandling ved alvorlege ØNH-skader og sjukdommar i allmennpraksis.
- Kunnskap om endoskopisk teknikk gjennom demonstrasjon
Ferdigheit
Studenten
- kan utføre målretta anamneseopptak og gjere en fullstendig ØNH-undersøking av pasientar med ØNH-sjukdom eller skader, inkludert:
- Otoskopi med pneumatisk otoskopi
- Vurdering av hørselstap ved hjelp av stemmegaffel
- Kunne gjere oto-nevrologisk undersøking
- Kunne vurdere nystagmus.
- Kunne tolke audiogram.
- Kunne utføre Dix-Hallpikes manøver.
- Kunne utføre Epleys manøver.
- Rhinoskopia anterior.
- Rhinoskopia posterior (grunnleggande ferdigheit)
- Munn og svelg undersøking
- Indirekte laryngosopi
- Inspeksjon og palpasjon av collum
- Fremre og bakre nesetamponade (grunnleggande ferdighet)
- Etsing av neseblødning (grunnleggande ferdigheit)
- Øyreskylling
- Fjerne fremmedlegeme fra øyre og nase
- kan gi informasjon om de vanlege ØNH, samt alvorlege ØNH-sjukdommar om aktuelle behandlingsalternativ både utanfor sjukehus og i spesialisthelsetenesta.
- kan diagnostisere og behandle vanlig og enkle ØNH-sjukdommar og skader
- kan utføre korrekt prøvetaking for mikrobiologisk diagnostikk
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i den praktiske tydinga av de ulike ØNH-symptom
- har innsikt i korleis det er å leve med ØNH-sjukdom
- har innsikt i etiske problemstillingar knytt til diagnostikk, og behandling av pasientar med alvorlege ØNH-sjukdom
Auge
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om auge sin anatomi sentral for klinisk forståing
- har kunnskap om symptom og funn, diagnostikk og behandling av de viktigaste augesjukdommar og augeskader
- har kunnskap om augesymptom og funn som kan være en del av indremedisinske, nevrologiske eller kirurgiske sjukdom
- har kunnskap om kvar i auget bestemte symptom oftast har sitt utgangspunkt (såkalla symptombasert oftalmologi)
- har kunnskap om kva for allmennsjukdommar som ofte medfører augeaffeksjon
- har kunnskap om lokale og generelle biverknader av ulike behandlingar innan faget
- har kunnskap om diagnostikk og behandling av de vanlegaste augesjukdommane i allmennmedisin
- har kunnskap om målretta klinisk augeundersøking tilpassa forholda i allmennpraksis, samt førstehjelpsbehandling ved alvorlege augeskader og sjukdommar i allmennpraksis
- har kunnskap om kva for pasientar som kan behandlast utanfor sjukehus og kvar for pasientar som skal tilvisast til spesialist i augesjukdommar eller innleggast på augeavdeling
Ferdigheit
Studenten
- Skal kunne utføre målretta oftalmologisk anamneseopptak og klinisk undersøking med dei hjelpemiddel som normalt er tilstades i allmennpraksis
- Skal kunne gi informasjon om de vanlegaste oftalmologiske sjukdommane, og om aktuelle behandlingsalternativ både utanfor sjukehus og i spesialisthelsetenesta
- Skal kunne diagnostisere og behandle enklare augesjukdommar og mindre augeskader
- Skal kjenne til og beherske prinsippa for fjerning av overflatiske konjunktivale og korneale framandlekam
- Skal kunne undersøke og bedømme pasienten sin synsfunksjon, spesielt i forhold til førerkortforskrifta synskrav
- Skal kjenne til prinsippa for måling av intraokulært trykk og kunne utføre tonometri i allmennpraksis
- Skal kunne gjere flourescein-farging og fjerne framandlekam fra cornea (med veiledning)
- Skal kunne gjennomføre augeskylling
- Skal kunne utføre enkel refraksjonering med sfæriske glass samt bruk av stenopeisk hull
Generell kompetanse:
Studenten
- har innsikt i den praktiske tydinga av ulike oftalmologiske symptom og funn
- har innsikt i korleis det er å leve med oftalmologisk sjukdom
- har innsikt i hjelpetiltak og hjelpemiddel for svaksynte og blinde
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Mappevurdering.
Det vil bli nytte e-mappe gjennom Mitt UiB med kunnskap-, ferdighet- og praksisvurderingar og formative vurderingar frå undervisning og ferdighetstrening. Mappe vil innehalde oppgåver frå praksis og kasusbeskrivingar gjort i løpet av heile emne. Det vil bli gitt vurderingar i form av MCQ, vurdering av kommunikasjon og kliniske ferdigheter (td Mini-CEX) og kort- eller langsvaroppgaver. Helse Vest sin læringsportal kan bli nytta til vurderingar. Det vil bli gjort vurderinger i praksisperioden. Studentar som ikkje fyller læringsmål i eit fag/undermappe kan bli bedt om ny vurdering i samråd med emneansvarleg, ein kan ikkje ta praksisperiode på ny. Mappa vil bli vurdert på ny som heilheit ved enden av emnet.