Niande semester Vestlandslegen Stavanger

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål; Gjennom ordinær studieprogresjon skal studentar ved slutten av semester ha gjennomført godkjent obligatorisk teoretisk og praktisk undervisning i dei medisinske kliniske hovedfaga gynekologi og obstetrikk, pediatri og psykiatri. Etter semester skal ein ha kompetanse som angitt i §1 i forskrift om lisens for helsepersonell.

Innhald: Emnet inneheld gynekologi/obstetrikk, pediatri, , rus- og avhengigheitsmedisin, barne- og ungdomspsykiatri og psykiatri, samt allmennmedisinske problemstillingar innanfor desse faga. Hovudmål er at studenten skal ha avansert kunnskap om symptom, funn, diagnostikk og behandling av dei viktigaste sjukdomane og skadane relatert til fagområda i semesteret. Læringsmåla er har fordjupande undervising i påfølgande semester.

Læringsutbyte

Læringsutbytet for MEDSTAV9 har nokre punkt som gjeld generelt for alle fagområda, og nokre særskild for enkeltfag. Der omgrepet «fagområda i semesteret» nyttast gjeld dette pediatri, gynekologi og obstetrikk, og psykiatriske fag som inkluderer psykiatri, borne- og ungdomspsykiatri, og rus- og avhengigheitsmedisin.

Generelt

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte innan fagområda:

Kunnskap

Studenten

  • har avansert kunnskap om symptom, funn, diagnostikk og behandling av dei viktigaste sjukdomane og skadane for fagområda i semesteret
  • har kunnskap om korleis ein, basert på det systematiske journalopptak (klinisk evaluering) stiller diagnose/differensialdiagnose og lagar plan for utgreiing og behandling av individuelle pasientar
  • har kunnskap om indikasjonar, kontraindikasjonar og dei vanlegaste komplikasjonane til vanlege undersøkingar og prosedyrar for fagområda i semesteret
  • har kunnskap om kva for nokre pasientar som kan behandlast utanfor sjukehus og kva pasientar som skal visast vidare til spesialisthelsetenesta.
  • har kunnskap om spesialundersøkingar og prosedyrar knytt til diagnostikk og behandling av dei viktigaste sjukdommane for fagområda
  • har kunnskap om prinsippa for oppfølging av pasientar med kroniske sjukdomar og skader og moglegheiter og tiltak for rehabilitering av pasientar med sjukdomar
  • har kunnskap om grunnleggjande farmakologiske prinsipp til bruk i medikamentell behandling av vanlege sjukdomar i fagområda i semesteret
  • har avansert kunnskap om verknadsmekanismar og aktuelle lokale og generelle biverknader av dei vanlegaste medikamenta som blir brukt ved behandling av dei viktigaste sjukdommane for fagområda i semesteret
  • har kunnskap om og kan gjere greie for rolla til profesjonar som deltek i tverrfagleg samarbeid ved komplekse og kroniske sjukdomar i fagområda i semesteret

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte fagleg kunnskap om og utføre målretta anamneseopptak og fullstendig klinisk undersøking for å kunne vurdere sjukdom innanfor fagområda i emnet
  • kan anvende fagleg kunnskap for å kartlegge, vurdere og gi eigna smerte- og symptomlindrande tiltak i samarbeid med pasienten og med andre profesjonar
  • kan presenterer medisinsk informasjon strukturert, logisk og poengtert i ein profesjonell samanheng, samt empatisk og kunnskapsfremjande til pasientar og pårørande

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i, og kan stille seg på ein fagleg korrekt og empatisk måte til pasientane
  • har innsikt i, og kunne forstå den praktiske tydinga av dei ulike symptoma og utfalla knytt til sjukdom innanfor fagområda i semesteret
  • har innsikt i etiske problemstillingar knytt til diagnostikk, og behandling av pasientar med alvorlege sjukdomar innanfor fagområda i semesteret
  • har innsikt i organiseringa av helsevesenet og kunne utvikle gode samarbeidsrelasjonar til andre yrkesgrupper.
  • kjenner til lovgiving knytt til pasientrettar
  • har kunnskap om organisering av samhandling mellom primær- og spesialisthelsetenesta
  • er medviten om korleis ein kan innhente og presentere kunnskap på ein god måte og med eit kritisk blikk

Fagspesifikke læringsmål:

Pediatri

Kunnskap

Studenten

  • kan forklare normal vekst og utvikling hos barn og ungdom inkludert dei viktigaste milepælane for grov- og finmotorikk, språk-, kognitiv- og sosial utvikling.
  • kan forklare aldersavhengige forskjellar i framstillinga av teikn og symptom på sjukdom hos barn, inkludert og aldersrelaterte og psykosomatiske forstyrringar (inkludert psykosomatiske forstyrringar).
  • kan (ved å kombinere symptom og funn) kjenne att og diagnostisere akutte/alvorlege sjukdommar hos barn, og vite korleis ein skal setje i verk behandling og korleis ein skal handle i akutte situasjonar.
  • kan forklare prinsippa for oppfølging av barn med dei største kroniske sjukdommane, inkludert arv, miljø og livsstil.
  • kan forklare prinsippa for ernæring, inkludert amming, hos spedbarn, barn og ungdom og rekne ut basale ernæringsbehov hos barn inkludert væskeerstatning ved dehydrering.
  • kjenner til dei vanlegaste arvelege menneskelege lidingane og syndroma samt tilnærminga ved omsorg for sjeldne sjukdommar.
  • kjenner igjen symptom og teikn som gjev mistanke om mishandling av barn
  • har kunnskap om prinsippa for farmakologisk påverknad av barnet ved morsmjølkernæring
  • har kunnskap om klinisk indisert genetisk utredning samt nytte og utfordringer av denne
  • har kunnskap om dei vanlegaste arvelege sjukdommane og syndroma

Ferdigheit

Studenten

  • kan kommunisera med barn i ulike aldrar og utviklingstrinn og med foreldra deira / føresette, inkludert kommunikasjon om alvorlege og dødelege tilstandar hos barn
  • kan gjennomføra ei klinisk undersøking av barn i ulike aldrar og utviklingstrinn, inkludert nyfødde med APGAR scoring
  • kan starte opp behandling for vanlege eller alvorlege/akutte tilstander i primærhelsetenesta
  • kan gjennomføra AHLR på barn i alle aldrar
  • kan føre og tolke vekstkurver
  • kan legge inn nasogastrisk sonde og sug av nase
  • kan administrere medikament til barn inkludert bruk av spray/kolbe/forstøver
  • kan vurdere pubertetsstadium i samsvar med Tanner
  • å identifisere mistenkte arvelege lidingar innanfor ein familie, og berekne empiriske risk.

Generell kompetanse

Studenten

  • kjenner til skilnader mellom vaksen- og barneradiologi med tanke på val av modalitet, protokoll og resultat av undersøkingar
  • kjenner til Barnevernets roller ved mistanke om barnemishandling

Gynekologi og obstetrikk:

Gynekologi:

Kunnskap:

Studenten

  • har inngåande kjennskap til prevensjonsrettleiing
  • har god kjennskap til innhaldet i abortlova
  • har inngåande kjennskap til hormonbehandling hos perimenopausale kvinner
  • har god kjennskap til hudlidingar i vulva
  • har inngåande kjennskap til diagnostikk, behandling og tilvisingsrutiner ved akutte gynekologiske problemstillingar spesielt ekstrauterin graviditet, salpingitt, torsjon av ovarium
  • har inngåande kjennskap til diagnostikk, behandling og tilvisingsrutiner spesielt ved endometriose, infeksjonar i underlivet hos kvinner, inkludert seksuelt overførbare sjukdommar, urininkontinens hos kvinner, mistanke om benigne tumores i genitalia interna, gential descens, polycystisk ovariesjukdom og kroniske smertetilstandar i bekkenet
  • har inngåande kjennskap til diagnostikk og tilvisingsrutiner, samt kliniske funn og teikn som skal gje mistanke om cancer cervicis uteri, cancer corporis uteri, cancer ovari, vencer vulvae
  • har inngåande kjennskap til screeningprogrammet og vaksineprogram for cervixcancer
  • har god kjennskap til tilvisingsrutine ved postmenopausal blødning
  • har god kjennskap til hyppig førekommande arvelege tilstandar som aukar risk for gynekologisk kreft.

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan utføre gynekologisk undersøking
  • kan vurdere grad av urogenital descens
  • kan ta mikrobiologiske og cerixcytologiske prøver
  • kan ta relevante mikrobiologiske prøver
  • kan legge inn og fjerne spiral
  • kan fjerne tampong/framandlekam frå vagina

Obstetrikk:

Kunnskap:

Studenten har

  • har god kjennskap til diagnostikk, behandling og tilvisingsrutine ved bløding i fyrste trimester spesielt ekstrauterin graviditet, truande abort, spontanabort
  • inngåande kjennskap til diagnostikk, behandling og tilvisingsrutine ved ovarialt hyperstimuleringssyndrom, preeklampsi, gestasjonell diabetes
  • har god kjennskap til særlege hensyn ved medikamentbruk hos gravide
  • har god kjennskap til diagnostikk, behandling og tilvisingsrutine ved obstretrisk intrahepatisk gallestase, avflatande SF-mål, fødselsangst, infeksjonar i svangerskapet, rhesusimmunisering, fødselsmekanikk
  • inngåande kjennskap til lovregulering, rettar, innhald, avgrensing og tilvisingsrutine ved tilbodet om prenataldiagnostikk i veke 12
  • har inngåande kjennskap til diagnostikk, behandling og tilvisingsrutine ved hyperemesis gravidarum
  • har god kjennskap til til diagnostikk, behandling og tilvisingsrutine barselkomplikasjonar spesielt mastitt, barselfeber, barseldepresjon, tromboembolisk sjukdom

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan vurdere cervixopning og descens under fødsel palpatorisk
  • kan vurdere styrke og hyppigheit av rier under fødsel
  • kan fylle ut helsekort for gravide
  • kan vurdere risikofaktorar i svangerskap, inkludert BMI, alder, obstetrisk historie og kroniske sjukdommar.
  • kan bestemme symfyse-fundus mål, bedømme livmorstørrelse og fosterlyd
  • kan vurdere leie og bekrefte vitalitet ved hjelp av abdominal ultralyd.

Psykiatriske fag

Kunnskap

Studenten

  • har avansert kunnskap om dei biologiske, psykiske og sosiale faktorane som ligg til grunn for utvikling og vedlikehald av psykisk sjukdom og rusmiddelavhengigheit.
  • har avansert kunnskap om diagnostisering av vanlege psykiske lidingar og kjenner til standardbehandling av desse spesielt depresjon, psykose, mani, angst- og tvangslidingar, personlegdom-, ete-, utviklingsforstyrringar, posttraumatiske-, hyperkinetiske- og somatoforme tilstandar samt rusmiddelavhengigheit.
  • har avansert kunnskap om normale psykiske reaksjonar og tiltak ved sorg, traume og kriser
  • har inngåande kunnskap om indikasjonar og biverknader for psykofarmaka for vaksne og barn til å kunne vurdere igangsetting og behov for seponering/nedtrapping.
  • har inngåande kunnskap om lovverket i psykisk helsevern, og i særleg grad delen som regulerer åtgang til tvangsundersøking og -innlegging, lovverk som regulerer behandling av rusavhengighet, lovgiving for barn og unge under 18 år med psykisk sjukdom
  • har inngåande kunnskap om samansette behandlingsforløp som tvunge helsevern, dom til behandling, ECT og tverrfaglege utredingsløp
  • har inngåande kjennskap til rusrelaterte symptom, og korleis ein kan førebygge rusrelaterte tilstandar
  • har inngåande kunnskap om fare ved avhengigheit, og reglar for å unngå legemiddelavhengigheit
  • kjenner til legemiddelassistert rehabilitering av rusavhengigheit, med lovverk og organisasjon
  • kjenner til og gjer greie for instansar og institusjonar som er involvert i behandling og oppfølging av barn og unge med mentale problem og om samarbeidet mellom desse

Ferdigheit

Studenten

  • kan vurdere sjølvmordsfare på ein strukturert måte under rettleiing
  • kan nyttegjere seg psykometriske instrument som MADRS, MMSE, YMRS, AUDIT/DUDIT eller tilsvarande.
  • kan gjere reie for lovverket som regulerer tilgang til tvangsundersøking og -innlegging i psykisk helsevern og rusomsorg
  • kan vurdere alvorsgrad, motivere til behandling og igangsette tiltak for rusmiddelavhengigheit
  • kan med bistand vurderer samtykkekompetanse på ein strukturert måte under rettleiing
  • kan vurdere fare for akutt vald og sjølvskading under rettleiing
  • kan identifisere rusmiddelavhengigheit og igangsette akuttbehandling med vurdering av fare for abstinenssymptom
  • kjenner dei ulike tenestene som har ansvar for barns helse og velferd og regler for samhandling mellom desse

Studiepoeng, omfang

24

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Stavanger Universitetssykehus (SUS) og omliggande helseteneste
Krav til forkunnskapar
Fullført MEDSTAV8
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Medisinstudiet, studiemodell Vestlandslegen
Arbeids- og undervisningsformer
Det vert variert undervisning med fokus på studentaktiviserande læringsformer. Undervisinga vil omfatte kliniske problemstillingar (TBL), ferdigheitstrening, klinisk undervisning med pasient, heil/halvdagseminar om sentrale tema. Det skal vere tett kontakt mellom teoretisk undervisning og klinikk, samt samhandling med primærhelseteneste. Det vert forventa at studentane er førebudd til tema som blir undervist og følger opp tilgjengelege undervisningsressursar. Omlag 6-7 timar pr veke vil bli avsett til eigenarbeid og førebuing. Formative vurderingar er ein sentral del av arbeids- og undervisningsplanen og det vil bli avsatt tid til dette i timeplanen.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Det er obligatorisk deltaking på undervising med pasient og ved ferdigheitstrening, seminar og klinisk undervisning. Obligatoriske aktivitetar er som hovudregel på dagtid (mellom 0800-1600), men som del av klinisk undervising og praksis kan det vere vakter på kveld med obligatorisk oppmøte. Med unntak av enkelte dagar skjer all undervisning ved SUS. Det vil bli nytte mappe i Mitt UIB med obligatoriske innleveringar, rapporter og eigenvurderingar av ferdigheiter og kompetanse. og vurderingar frå Helse Vest sin læringsportal.
Vurderingsformer

Mappevurdering.

Det vil bli nytte e-mappe gjennom Mitt UiB med kunnskap-, ferdighet- og praksisvurderingar og formative vurderingar frå undervisning og ferdigheitstrening. Mappe vil innehalde oppgåver frå praksis og kasusbeskrivingar gjort i løpet av heile emne. Det vil bli gitt vurderingar i form av MCQ, vurdering av kommunikasjon og kliniske ferdigheiter (td Mini-CEX) og kort- eller langsvaroppgaver. Helse Vest sin læringsportal kan bli nytta til vurderingar Det vil bli gjort vurderingar i praksisperioden. Studentar som ikkje fyller læringsmål i eit fag/undermappe kan bli bedt om ny vurdering i samråd med emneansvarleg, ein kan ikkje ta praksisperiodar på ny. Mappa vil bli vurdert på ny som heilheit ved enden av emnet.

Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret.
Emneevaluering
Årleg evaluering i starten, deretter kvart tredje år i samhald med kvalitetssystemet for utdanning ved UiB.
Programansvarleg
Programutval for medisin har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på emna der.
Emneansvarleg
Vert avklart.
Administrativt ansvarleg
Det medisinske fakultet har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.