Mediebruk: Identitet og samfunn - bacheloroppgåve

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Målet med dette fordjupingsemnet er å styrka studentane sin kunnskap om mediebruk i samfunnet og i identitetskapande prosessar. Mediebruk er individualisert og prega av forskjellar, men er og med på å knytte menneske saman i kulturelle, sosiale og politiske fellesskap. Emnet tar særskilt for seg bruken av sosiale og nettbaserte medium, ein kvardag prega av digitale plattformar, og utfordringar ved kunstig intelligens. Pensumlitteraturen gir kritiske perspektiv på mediebruk sett i høve til tema som kjønn, klasse, etnisitet, digitale skiljeliner eller ulike globale kontekstar. Undervisninga vektlegg praktisk fordjuping i metodiske tilnærmingar som er særskilt relevante for å studere digital mediebruk. Gjennom arbeid med eit forskingsprosjekt får ein innsikt i planlegging, forskingsetikk, datainnsamling, analyse og formidling. Emnet vektlegg studentaktiv læring, samarbeid i grupper og individuell fordjupning.

Bacheloroppgåver i emnet vil normalt ta form av ei avgrensa empirisk mediebruksstudie der kandidaten analyserer eit materiale ho eller han sjølv har samla inn.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om mediebruk i samfunnet og i identitetsskapande prosesser
  • har kunnskap om bruk av sosiale, digitale og nettbaserte medier
  • har innsikt i utvalde medievitskaplege og sosiologiske teoriar om mediebruk, identitet, samfunn og skiljelinjer

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysera mediebruk ved hjelp av metodar som er sentrale i forskinga
  • kan reflektera over forskjellar i mediebruk knytt til samfunnsmessige skiljeliner
  • kan reflektera over endringar i mediebruk knytt til digitalisering

Generell kompetanse

Studenten

  • kan utvikla relevante problemstillingar, forskingsdesign og analysar for avgrensa prosjekt
  • kan arbeide i grupper med avgrensa prosjekt
  • kan ta del i faglege diskusjonar

Studiepoeng, omfang

15 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
MEVI222 (15 sp)
Krav til studierett
Emnet er reservert for studentar med studierett på bachelorprogrammet i medier og kommunikasjon ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga inneheld forelesingar og seminar. Arbeid med eit forskingsprosjekt i grupper er sentralt både for forelesningar og seminar. Forelesningane vektlegg studentaktiv læring og refleksjonar om metode. Seminara kan vere organisert som litteraturseminar med lesing og diskusjon av pensum, og/eller som workshops retta mot utforsking av spesifikke problemstillingar, metodar og analyser.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjende arbeidskrav knytt til forelesningar og seminararbeid. Innleveringar kan til dømes inkludere individuelle refleksjonsnotat frå gruppearbeid, formidling frå gruppearbeid, og individuell tekstpresentasjon.

Godkjend deltaking (80%) på seminar.

Godkjent individuell pensumtest.

Godkjende arbeidskrav er avgrensa til undervisningssemesteret og påfølgjande semester.

Vurderingsformer

Bacheloroppgåve, med eit omfang på omkring 8000 ord, under rettleiing.

Bacheloroppgåva kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.

Karakterskala
Bokstavkarakterar A-F
Vurderingssemester

Eksamen vert tilbydd i undervisningssemesteret.

Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.

Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Programansvarleg
Programrådet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.  
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitenskap har det administrative ansvaret for emnet.