Avansert mediebruksanalyse
Masteremne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- MEVI302
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
- Litteraturliste
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Målet med emnet er at studentane skal tileigne seg oppdatert kunnskap og metodiske ferdigheiter innan avansert publikumsanalyse. Emnet tek utgangspunkt i aktuelle spørsmål i samfunnet og publikumsforskinga, og studerer korleis menneske brukar og fortolkar medie- og kulturinnhald.
Emnet vektlegg teoriar og metodar som høver for å studere bruk på tvers av medier og kulturområde, men kan òg framheve visse område, til dømes bruk av musikk , TV-serier, nyheter eller sosiale medier. Teoretiske perspektiv omfattar demokratiske, retoriske, identitetsmessige, teknologiske og sosiokulturelle dimensjonar ved kultur/mediebruk.
Målet for emnet vert nådd gjennom ein kombinasjon av to element. For det første ein kritisk diskusjon av klassisk og ny forsking på kultur/mediebruk knytt til ei aktuell problemstilling, og metodiske og teoretiske grunnlag for forskinga. For det andre gjennomføring av eit forskingsprosjekt der studentane med innovative metodar undersøkjer visse aspekt ved kultur/mediebruk. Prosjektet vert gjennomført i grupper under rettleiing.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har avansert og oppdatert kunnskap om forsking på kultur/mediepublikum
- har inngåande kjennskap til teoretisk, metodisk og forskingsetisk grunnlag for analyser av medie/kulturpublikum
- kan drøfte problemstillingar om kultur/mediebruk ut frå klassisk og ny forsking
- kan drøfte sammenhenger mellom sosial bakgrunn, kultur - og mediebruk, og demokrati
Ferdigheiter
Studenten
- meistrar avanserte metodar for analyser av kultur/mediebruk
- kan bidra til å organisere og utføre ein publikumstudie som prosjekt i grupper
- kan nytte innovative metodar i forsking på kultur/mediepublikum
Generell kompetanse
Studenten
- kan nytte avansert teori og metode i analyse av aktuelle problemstillingar om publikum
- kan presentere eigen og andre si forsking gjennom varierte formidlingsformer
- kan ta del i nytenking om endringar i bruk av medie- og kulturtilbud
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjende arbeidskrav gyldige berre i undervisningssemesteret.
Vurderingsformer
Eksamen består av to deler.
- Rapport frå prosjektarbeidet, skrive i grupper. Omlag 7000 ord. Tél 40 prosent av samla karakter.
- Munnleg individuell eksamen. Tél 60 prosent av samla karakter.
Eksamensoppgåva vil bli gitt på undervisningsspråket i emnet. Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk, dansk eller engelsk.
Karakterskala
Vurderingssemester
Vurdering vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.
Studenter med gyldig fravær slik det er definert i UiB-forskriften § 5-5 kan søke om utsatt innleveringsfrist til eksamen.infomedia@uib.no. Søknaden må sendes før fristen for å levere er gått ut.